Siste nytt

Referat møte i bygdarådet 31.03.2022

Torsdag 31. mars hadde det nye bygdarådet sitt første møte.  Referatet kan du lese her. 

Årets 17.mai-feiring blir lagt til den 16. mai

17.maikomitéen vil i år prøve noko nytt slik at flest mogleg kan få vere med på feiringa her på Jøsneset. Feiringa vil difor bli lagt til den 16. mai, som er ein måndag. Dei håper at fleire vil ha anledning til å komme dersom det blir i forbindelse med ei langhelg. Komitéen opplyser også om …

HARDHAUSEN 2022 – 1. pinsedag

Me er klar for HARDHAUSEN og 3-nutstur 1. pinsedag 5 juni 2022.  Nå i normal form igjen,  etter to år med korona-light-variant!  Det betyr at årets arrangement blir avvikla på ein og same dag: søndag 5. juni . Og at det igjen blir sosial samling og felles base ved gapahuken på Fosstemmen !! Her blir …

Påskebasar 13. april

Onsdag 13. april kl 19.00 blir det Påskebasar på Jøsneset. Endelig kan me møtast igjen, og difor blir det i år tradisjonell basar på Bedehuset.  Om du vil kan du kjøpe lodd allereie no ved å bruke vipps. Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr er 612108. Kvart lodd kostar 10 kr. Etter at du har vippsa må du senda ein …

Strikkekveld 23.mars

Minner om strikkekveld  – Trivselstova – onsdag 23. mars kl 19.00 – 21.00

Gratulerar Eiane Gard og Buhagen !!

 Foto: HanenPrisdryss til fruktdyrkarane på Jøsneset: Buhagen v/Jostein Hjorteland og Eiane Gard v/Jon Eiane Brandal !!  Sider og eplemost herfrå held gullstandard, og er i norgestoppen!! HANEN har sammen med Norsk Eplefest kåra Norges beste eplemost, sider og fruktvin. Og dei to her tok heim 1 GULL og 2 SØLV : EIANE GARD vant gull med «Årets …

Tusen takk for innsatsen!

  Torsdag 10. mars var det årsmøte for Bedehuset og Bygdarådet. Denne gong blei det halde i det fine Grendahuset – der det var godt og varmt! Det var tre stykk som takka for seg etter å ha gjort ein stor innsats for Bygdarådet: Hanne, Ingeborg og Sondre. Det vanka både blomar og lovord.Me vil takke dykk for …

Hurra for Jøsnesdamene !

Gratulerar med dagen ! Me «feirar» kvinnedagen med desse friske, flotte Jøsnesdamene frå 1959 !! Bildet er teke på turistforeningshytta Sandsa påsken det året, då dei regjerte på kjøkkenet der.  Fotoet stod på trykk i Stavanger Aftenblad.  Kvinnene er frå venstre Marta Hauge (gift med lærar Andreas Hauge/budde på Jøsneset skule), Tomine Foss frå Krokane var …

Minner om årsmøte torsdag 10. mars

  Håper så mange som mogleg har satt av datoen 10. mars. Då er det nemlig årsmøte både for bedehuset og for bygdarådet.Møtet startar kl 18.30 på Grendahuset.  Fint om dei som har tatt vare på papira som blei sendt ut i posten tek desse med.  Det har ikkje komt innspel om «store» saker til …

Nye sider fra Eiane

I strålande vårvær kom det i dag to heilt nye typer sider for salg på Eiane gard. Jon Eiane Brandal kunne vise fram første årgang av Fyndig og Brist. På bildet ser du han med blomar som han fekk fra Bygdarådet.  For meir informasjon om alle produkt og tilbud kan du sjekke ut Eiane gard si facebook-side …

Gamlekarar på kaien

I 1968 var Skiftunkaien bygda sin viktigaste sosiale møtestad.  Rutebåten «Hjelmelandsfjord» var den gong kommunikasjonsleddet med omverda, med anløp morgon og kveld. På kvelden kom båten inn frå Stavanger, lasta med varer, folk, post og dyr.  Då møttes folk på kaien i god tid, for å prate og høyre siste nytt. Ja, kaien var på …

VINNARAR FRÅ TURPOSTANE 2021

Mon tru om det er korona som har gitt denne positive effekt? For folk går på tur i nærmiljøet som aldri før !! I 2020 var det ein auke på 1200 fleire besøkande på våre turpostar ift 2019.  Nå i 2021 har det vore ein ytterlegare auke på nesten 1000 fleire besøkande.  Totalt sett har det …

Tid for årsmøte

  Torsdag 10. mars kl 18.30 blir det årsmøte for Bedehuset. Like etter at dette er ferdig blir det årsmøte for Bygdarådet.  Her kan du lese innkallingane: Årsmøte for Bedehuset Årsmøte for Bygdarådet På innkallinga til årsmøtet til Bedehuset står det at årsmelding og rekneskap ligg ved. Det gjer det dessverre ikkje, men du kan …

Har du ei bedrift du vil presentere på Jøsneset.no?

I desse dagar blir nettsida Jøsneset.no «pussa opp» og revidert. Me vil gjerne visa fram alt stort og smått som skjer i bygda, og lagar no ei oversikt over Jøsnes-verksemder. Under fana «næringsliv» presenterer me kort verksemda, gjerne med eit bilete eller to og henvisning til nettside eller sosiale medier. Send ei melding til nettside@josneset.no dersom …

Nå går det mot grønare tider…

Dersom du har gått forbi skulen på kveldstid i det siste, har du kanskje lagt merke til at lyset har stått på i «småskulerommet». Noko er tydeligvis på gang… Denne gong er det Bygdarådet som svinger malerkosten for å gjere verden litt meir grønn – eller Minty Breeze, for å vere heilt nøyaktig. Det er nemlig navnet på …

Kva er god helse ?

Velkommen til årsmøte i Jøsneset Helselag –  Grendahuset tysdag 23. feb

Strikkekafè

Tida er nå inne for å samlast  Minner om strikkekafè i Trivselstova onsdag 16.feb kl 19.00-21.00

Årsmøte for bedehuset blir den 10. mars

  Det blir årsmøte for både bedehuset og bygdarådet torsdag 10. mars på Grendahuset. Årsmøtet for bedehuset startar kl 18.30. Årsmøtet til bygdarådet startar rett etter at bedehuset er ferdig.  Sakspapirer til begge årsmøta kjem i posten. 

Minner om møte med MOWI på torsdag

  Torsdag 3. februar kl 18 blir det informasjonsmøte med Mowi på Grendahuset. Les meir om programmet her.