Torsdag 12. mars kl 19.30, Trivselstova, Årsmøte i Bygdarådet, I tillegg til vanlege årsmøtesaker vil temaet NY GIV FOR AUKA BUSETNAD bli drøfta.Så her er det rom for "hjernestorm" og diskusjon Årsmøteinnkallinga kan du lese her. Og Bygdarådet si årsmelding for 2008 finn du her.
Søndag 01.03.09 kl 17.00 er det styremøte i Ungdomslaget, Trivselstova. Me skal mellom anna setje opp årsplan for 2009. Er det nokon som har innspel og tips til oss om kva me kan finne på utover året, så ta gjerne kontakt. Svanhild H Gbada, 97 00 76 36 eller ungdomslaget@josneset.no
Fredag 13.02 hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Dei siste åra har det vore dårleg frammøte; mest skulda at me har møta ein helgedag pga pendlande ungdom. Men i år var det bra frammøte – noko som kanskje skuldast at me hadde eit kjekkt thai-mat-kurs i forkant av årsmøtet. Ekstra kjekkt var det at den …
Styret i helselaget har på styremøte blitt enige om følgande for 2009: Det blir toppturkonkurranse også i 2009! Dei som har gått på Gunlanuten, Røssenibben og Herefjellet (Tausanibbå) kan være med i trekninga neste årsmøte i 2010. Dei må kjøpe ei turdagbok på Naustet for 50 kr og levere den inn til styret innan 01.12.2009. Helselaget …
Fysioterapeut Johs Van Langen stiller på årsmøtet til Jøsneset helselag for å snakke om trening. I tillegg skal vi ha trekning av vinnar i toppturkonkurransen 2008! Det blir og basar som vanleg, vi set stor pris på gåver til basaren! Så sett av datoen 02.03.09 kl. 19.00 til å komme på årsmøtet til helselaget. Innkallinga …
Fredag 13.02 hadde me besøk av Siranee Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland. 17 matglade møtte opp, og kokkelerte samane med Siranee, som gladeleg dele om seg med thailandse mat-tips. "Milliliter-oppskrifter" finns ikkje i thai-kjøkkenet, ifølge Siranee. Det viktige er å kunne litt om ingrediensene og smakstilsetningane, og så er det berre å hakke i …
Søndag 15.02 var det duka for UKM (Ungdommens Kulturmønstring) i Kulturhuset på Sand. Her deltok 4 Jøsnes-guttar. Ein av dei; Jone Hjorteland gjekk vidare til Fylkes-mønstringa saman med Bands of Brothers. Det blei ei kjekk og variert framsyning av 8-9 deltakarar frå Suldal og Hjelmeland; frå klassisk fiolinspel, til flott dans, hard-rock og stand-up-komikk. …
Frå og med mars 2009 blir det ein ny ordning i Norsk Tipping som medfører den som tippar kan velge å i gi 5 % av tippesummen til ein lokalt lag . Denne ordninga er kalla GRASROTANDELEN. Det inneber at den som tippar får opp valet om ein ønskjer å støtte eit lokalt lag med …
Jøsneset barnehage har kunst som tema denne vinteren, og nå er det finfin kunstutstilling i salongane på ferja. Nå kan rundturane om Ombo få ein ny dimensjon – du kan kombinere dei med ein liten kunstvandring frå salong til salong.Så ta turen ut av bilen under overfarten, og studèr alle dei fine verka. Barna i …
Ungdomslaget sende sist veke ut eit infoskriv i alle postkassar på Jøsneset; som m.a. omhandlar finansiering av scenen og sceneutstyret, og kva me ser for oss at me treng for å få scenen klar til bruk. Infoskrivet finn du her. Som det går fram av infoskrivet ønskjer Jøsneset Ungdomslag å bidra med meir midler til dette …
Hjelmeland Bygg var på plass første veka i februar, og nå er scenetilbygget i ferd med å reise seg. Ser ikkje ut som kulde og slaps i februar stansar karane frå Hjelmeland Bygg. Dei snekrar i veg og er blide for det – og nå kan ein alt sjå konturene av korleis bygget kjem til å …
Nå er finansieringa på plass og bestillinga sendt – så NÅ BLIR DET BALLBINGE-BYGGING TIL VÅREN !! Det blir travelt rundt øyrene til rektor Rasin denne våren: scenebygging på eine sida, og nå blir det jammen ballbingebygging på andre sida av rektorkontoret. Men rektor sjølv smiler bredt (som vanleg) – og er klar for alt …
Primus motor i BANANA BODDES, Thomas T, har sendt oss eit pressebilete for å vise at øvingane til Ungdommens Kulturmønsring (UKM) pågår for fullt. 2/3 av «Banana Boddes» øver her intenst til UKM. Thomas presiserer i pressemeldinga at dei her ikkje har på seg dei rette kostymene…..på scenen blir det FK-kjeladress, SPA-tøfler, fengande hattar og pluss pluss. …
Referat frå styremøte i Bygdarådet 08.01.09 finn du HER.
Søndag 15 februar blir det Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Kulturhuset på Sand. 2-3 dagar før påmeldingsfrist er det kun to påmeldte innslag frå kommunane Suldal/Hjelmeland, og i begge innslaga stiller det spreke guttar frå Jøsneset. Dei som er påmeldt er: BANDS OF BROTHERS: hard-rockband: Jone Hjorteland (13) vokalist saman med bandmedlemmer frå Hjelmeland. Dette blir skikkeleg …
Ei av føremonene med å bu på Jøsneset, er kort og ferjefri veg til flott skiterreng. "Den gyldne halvmeteren" med nysnø som falt sist veke, kombinert med det stille solskinnsværet, skapte påskeaktige opplevingar på Gullingen og Hedlebrekk dei to siste helgene i januar. Det flotte skiterrenget ligg berre ein god halvtimes kjøring frå Jøsneset. Både på Hedlebrekk, …
Veke 4 var heile 8.klasse på Hjelmeland Ungdomsskule, inkludert dei 7 Jøsnesgutane, på leirskule på Gullingen. Der opplevde dei masse gøy og moro, og masse vær…..og det blei det radioprogram av. NRK v/Naturens Verden var med på ein forrykandes skitur i kuling og på kaldt isfiske på Mosvatnet. Gjekk du glipp av radioprogrammet. Lytt her …
Fredag 13 feb: Thaimat-kurs frå 19.00 til ca 21.00Deretter Årsmøte i Jøsneset Ungdomslag, ca kl 21.00Trivselstova Årsmøteinnkallinga finn du herInfo om scenesaken, sak 4 til årsmøtet, finn du her Me før årsmøtet får me altså besøk av Siranee Upawong Viken som driv Siranees Thaimat på Hjelmeland. Denne kvelden vil ho dele tips og oppskrifter med …
Er du ein av tusenvis som såg MammaMia-filmen, og som blei glad til sinns av festleg dans og fengande Abbamusikk??Nå skal det skapast MammaMia-stemning òg her lokalt – og du kan delta !! Hiv på deg danseskoa, få med deg ein venn og bli med! Dette er først og fremst berekna på litt voksen ungdom …
……pga manglande påmelding. Det blei litt for få påmeldte til båtførarkurset helga 21-22 mars – og difor er det DESVERRE avlyst. Kursoperatør kan tilby kurset til hausten att. Dersom det viser seg å vere tilstrekkeleg interesse for det då, kan me ev prøve på nytt att. Ungdomslaget/Båtforeningen