Siste nytt

13.06 Ny værstasjon viser Jøsnesværet

Nå kan du følgje med på Jøsnesværet kontinurlig – via nettet her ! Det er montert opp ein ny værstasjon på oppdrettsanlegget like utanfor Fosså. Denne er kopla til nett, og her kan du følgje med på om sola virkeleg skin i solbygda Jøsneset, eller om tåka ligg tett og bygene står i kø. Den nye …

10.06 Håvehammar i skuddet

Kommunen fornyar sine turstikart – og her er Håvehammar aktuell. Hjelmeland kommune laga for nokre år sidan ein flott tursti-brosjyre med kart og utvalde turforslag frå ulike bygder i kommunen. Desse tursti-forslaga blir nå presentert i ny lay-out og nå på nett. Jøsneset sitt bidrag er den populære HÅVEHAMMAR !  Den finn du nå òg skildra …

17.06 Avslutningskveld for skulen

Onsdag 17.06 inviterer Jøsneset skule til avslutningskveld i gymsalen. Her blir det opptreden av barna av ulikt slag; m.a kulturskule-innslag. For første gong i historia skal dette skje oppe på ein orntlig scene !!Endeleg får me barna opp frå golvet; så nå skal me både få sjå og høyre de orntlig! Den nye scenen er …

25.juni Tupperware-selskap

Torsdag 25. juni kl 19.30 TUPPERWARE-SELSKAP I TRIVSELSTOVA. Nytt kvelden til å skaffe deg nokre av desse bånnsolide, udødelege og u-unnverlege  kjøkkenprodukta.Les meir om Tupperware her. Det er Cesilie Wåland som inviterer !

24.05.09 Triveleg søndagskafé

Det har vore triveleg søndagskafé på Trivselståvå dei to siste søndagane mellom kl 15-17. Ungane spring ute og leikar eller spelar i den nye ballbingen, inne på Trivselståvå går det an å få kjøpt seg vaffel, kaffi og diverse. Litt frukt sto og på borda.  Føremålet med kaféen i sommar er rett og slett å vere sosiale. …

14.05 Eventyrleg tur til TrodlaTysdal

Torsdag 14.mai hadde ELDRETREFFEN ein eventyrleg tur til staden som har fått namn etter trolla: TrodlaTysdal. Kjell Tysdal møtte dei 12 Jøsnes-seniorane på vestenden av Tysdalsvatnet; ved Valheim i Årdal. Han skyssa dei over det 12 km lange vatnet med båten sin – det i seg sjølv ei opplevelsrik ferd langs dei bratte, ville fjellkantane. …

28.05.09 Ganntur

Det er framleis ledige plasser på Ganntur den 28.05.09 kl. 10.00. Ring Berit T.Skiftun på tlf 97112474

AVLYST søndagskafé

Det blir Kafè på Trivselstua i sommar følgjande dagar: Søn: 24. maiSøn: 31. juniSøn: 07. juniSøn: 14. juni er AVLYST pga lite behov for sosial møteplass på dette tidspunktet.  Søn: 28. juni. er AVLYST Alle dagar frå kl. 15.00 – 17.00. Sal av brus, vafler, kaffe, m.m. Arr: Jøsneset Helselag

20.05 Kjekk 17.mai-feiring på Jøsneset

   17.mai-feiringa blei både kjekk og koseleg, med godvèr. Toget starta frå Skiftun kai kl 11.00 og det dura oppover mot skulen. På skuleplassen song me "Ja vi elsker", før det var inn å høyre talen, som i år var av varaordførar Nils Jarl Nessa.  Nytt av året i år, var at me måtte øve …

09.08.09 3-nutstur og hardhausen

  Legg dokke i hardtrening! Det blir ein krevande fjelltur på Jøsneset den 09 AUGUST 2009. Påmelding og start mellom kl. 9 og 11 på Gapahuk’en på Fosstemmen. Felles avgang for de som ikkje er kjent frå Åsland kl. 08.00. Det er to alternativ: 3-nutsturen: Gunlanuten 829 moh, Røssenibben 715 moh og Valafjellet 713 moh. …

13.05 «Jøsnesposten» ute til salgs

Den årvisse og populære bygdeavisa "Jøsnesposten" er nå ferdig og er ute til salgs. Avisa blir laga av storskulelevane på Jøsneset skule, og òg i år har dei fått til ei fargerik, morsom og underhaldande avis. Her får du vite nytt om litt av kvart i bygda, ein del "dybde-intervju"  , litt krim og litt historie …

Velkommen til 17.mai-feiring!

Det blir tradisjonell 17.mai-feiring på Jøsneset, med tog frå Skiftun-kaien klokka 11.00. Deretter blir det feiring i gymsalen, med tale av Nils Jarl Nessa, matsal, leiker og konkurransar.  Det ser ut til at me får flott vèr, så møt opp!

12.05 VONI frå 1903

VONI (eller VONA, som dei kalla den seinare) var altså lagsavisa til Jøsneset Ungdomslag frå 1903 – 1957.  Ungdom i bygda skreiv i boka, og dei les opp frå den på ungdomslagsmøta. Og så gjekk den på omgang. Det er mykje forskjellig stoff i den; noko sant og noko fantasi, noko om natur og kvardagsliv …

14.mai Eldretreffen til TrodlaTysdal

Torsdag 14. mai dreg Eldretreffen på tur til "ein stad det ingen skulle tru at nokon kunne bu".12 stk har meldt seg på, og turen går til Trodla Tysdal.  Trodla Tysdal er ein spektakulær og særprega plass; ein einbølt veglaus gard inst inne ved øvre Tysdalsvatet.Der bur og virkar Kjell Tysdal.  Han tek i mot …

Ballbingen ferdig!

Nok eit stort dugnadsprosjekt er fullført på Jøsneset – nå BALLBINGEN !!! Arbeidet har pågått nokre veker nå – med full intensivering av arbeidet nå denne helga 8-10 mai.  Torsdagskveld og fredag ettermiddag blei steinstøvet finfordelt og komprimert – ein nøyaktig og viktig del av jobben. Laurdag blei kunstgraset rulla ut og dei tre montørane …

18-20 mai. Plastinnsamling

Til alle Jøsnesbønder: Det blir arrangert innsamling av landbruksplast og pp-sekker (storsekker). Her på Jøsneset er det Sven Gil Westersjø som er kontaktperson. Mob nr 92 86 24 10. Plasten skal vere rein for forrester og nett, og skal leggjast oppi kontainer. ARR: Hjelmeland Bondelag

08.05 Intens jobbing

Det pågår for tida intens jobbing for å få ferdig ballbingen. Denne veka er det blitt kjørt på meir singel, og til slutt finlaget med steinstøv. Kvar dag denne veka har det pågått arbeid, både av enkeltpersonar på dagtid og av grupper på kveldstid. Torsdag kveld t.d. stilde ein gjeng på 6-7 karar og dei 7 "gutta-boys" ! Og …

17. mai program for Jøsneset

16. mai: 18:00 Skarpskyting på skytebanen 17.mai: 11:00 Toget går frå Skiftun-kaien til skulen. Tale for dagen ved Nils Jarl Nessa. Sal av lapskaus, pølser, is og brus. Konkurranser og leiker på skuleplassen. 15:00 Premieutdeling og avrunding.

08.05.09 Bitte Giæver slutter

Fylkesleder i Rogaland og Vest Agder, Nasjonalforeningen for folkehelse, Bitte Giæver har sagt opp sin stilling og slutter nå. Hun har vært til stor inspirasjon for mange i helselaga rundt om kring. Hun var også på Jøsneset i fjor, på damekvelden den 27.03.08, og snakka om sitt opphald i Libya og kvinners rolle der. Vi kommer …

06.05 Nye opningstider MIXn Nauste

Det er nye opningstider på Nauste fra 1 mai.Me har nå åpent 10-19.30 alle dager.  MVH Cesilie Wåland