. SEND OSS DINE HAUSTMOTIV på ungdomslaget@josneset.no Dei to første bildene er sendt inn av Sigurd Opedal, og er tatt på Åsland i begynnelsen av oktober. ________________ Mange stille, klare dagar og naturen kledd i sine finaste fargar. Frukthausten er på hell, og soppsankinga like så. Nytt og nyt dei siste dagane av oktober ute …
Vegen opp til Åsland har lenge vore i dårleg stand, med mange stygge hol undervegs. Det er ikkje heile vegen som blir reparert, kun dei dårlegaste partia oppover. På desse stadene har kommunen fjerna gammal asfalt, foretatt grunnarbeid og klargjort for asfalteringa. I neste veke kjem asfalterings-maskineriet, så då må ein rekne med periodevis stengt vegbane. Det er …
Me er midt inni det som er årets "høgtid" for hjortejegrane. Naturen står kledd i dei vakraste fargar – og det har alt vore mange fine jaktdagar i år. Nytt for jaktåret 2009 er at jakttida for hjort blir forlenga 14 dagar, altså fram til 29.november 2009. Det er Jøsneset Viltlag som har søkt om …
I midten av september fekk Jøsneset eit gledeleg 1 pluss i folketal. Denne gongen var det Skiftu-grenda som gjekk eit positivt hakk opp i folketalstatistikken: Ola og Lene fekk ei finfin jente !! Me gratulerar foreldre og familie forøvrig !
Jøsneset skule og barnehage har tradisjon på å markere FN-dagen. Òg i år inviterer dei til KAFÈ OG BASAR på Jøsneset skule, gymsalen.Dette skjer som vanleg på DAGTID i skuletida Fredag 23. oktober, Kl 12.30 – ca 14.00. På programmet står det – sceneopptrinn av elevane og barnehagebarna!! – basar til inntekt for to fjernadoptivborn …
Hjelmeland kommune har nå lagt ut forslag til vegnamn på høyring. Forslaga som gjeld Jøsneset er slik: Jøsnesvegen Foss Fosså Skiftun Åslandsvegen Knutsvik Sakspapira finn du på kommunen si heimeside, www.hjelmeland.kommune.no Eventuelle synspunkt på dei føreslegne namna vert sendt skriftleg til Hjelmeland kommune, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 09.11.09 Kjelde: Kunngjering i Bygdaposten …
Jøsneset helselag har nå laga ferdig høringsnotat i høve endring av Nasjonalforeningen for folkehelse sitt handlingsprogram.
Som nemnd i tidlegare artikkel har me hatt Grand Opening på Jøsnesets Nye Scene – ein fantastisk fin bygdefest der talent etter talent trilla fram utpå scenekanten…utruleg kva den vesle solbygda fostrar Me etterlyste foto, og her er eit lite knippe innsendt av Lene Hjorteland og Jorunn Foss: peik på bildet for å få tekst, …
Den 10 oktober kl 13-16.00 blir det slaktekurs på Jøsneset. Instruktør er Joar Rosså, som er slaktar hjå Nortura. Det blir slakting av lam, evt hjort viss du er så heldig at du har skote same dag.. For meir informasjon, klikk her.
Det er Jøsneset Helselag sin tur til å arrangere helsebadinga i år. Det blir oppstart etter høstferien. Helsebadinga vil vere kvar måndag i perioden oktober til april. OBS! Merk at det er ny tid, dette bl.a. for at det skal passe betre med ferjene for oss på nordsida. Småbarn med føresette kl 17.30-18.30 Helsebading …
…Hjelmeland lørdagskveld.Det blir sett opp ekstrabåt dersom nok interesserte….. Dans – Hjelmeland IdrettshallÅsmund Åmlid Band Lørd 26 sept – 21.00Happy Hour kl 20-2100 Dersom det blir eit visst antall interesserte, blir det sett opp EKSTRABÅT OVER TIL NESVIK etter dansen er slutt ca 01.30.Pris etter antall interesserte, men sannsynligvis ikkje over kr 150. NB: Send ein sms til …
I løpet av helga 25-27.9 vil vi i helselaget komme rundt for å samle inn penger til årets demensaksjon. Det innsamla beløpet vil uavkorta gå til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Bidrag til Demensaksjonen er en støtte både til de som har demens og deres pårørende. I år er det tiende gang Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerer bøsseaksjon …
Bygdarådet og Ungdomslaget inviterte sist helg alle ungdommane frå bygda mellom 18-35 år til "kafe-treff". Heile 15 stk møtte opp – dei fleste bur i byen nå. Kva skal til for at du skal flytte him til Jøsneset?Kva kan me gjere for at bygda skal bli meir attraktiv for ungdom/småbarnsfamilar? Dette var tema som blei …
laurdag 12.sept blei den nye scenen på Jøsneset opna med brask og bram. Mellom 130-140 gjester benka seg saman i "storstova" denne kvelden. Kulturleiar i kommunen Eldfinn Austigard overbrakte dei offisielle ord i samband med opninga, medan Jone Hjorteland "gjorde jobben" og klippte opp den sorike fana: dermed opna òg sceneteppet seg opp !! Det to …
Fredag 25, sept mellom kl 16.30 og 17.30. Inger Apeland frå Suldal er ei aktiv dame som årleg organiserer innsamling til Romania. Ho tek imot klede (heile og reine), ulltepper, sengtøy, gardiner, kjøkkenutstyr, garn, stoff, leiker – ja, alt mulig…..til og med briller (men då må ho få dei "rett i handa"). Pakk tøy i doble …
"Kort og godt" kjem for å halde kortkurs på damekvelden siste torsdag i oktober. Gro Tjeltveit er kurshaldar denne kvelden. Vi vil lære å lage 3 forskjellige kort. Kurset kostar 300 kroner per person. Dersom du ynskjer å vere med på eit kreativt og sosialt kortkurs, melder du deg på innan ei veke før, til Berit …
……"Min Jøsnes-sommar 2009" er nå kåra: Vinnaren blei LISE TJELTVEIT med det nydelege motivet "Sure bær!" Juryen berømma fotografen for å ha klart å "fange øyeblikket", fått ein god komposisjon, i tillegg til fullt ut å oppfylle kravet om "sommarstemning" ! Kåringa fann stad på sceneopningsfesten laurd 12.sept, og premien var eit gåvekort på Profil …
Boka på Fosstemmen har blitt våt og ødelagt. Den blei derfor tatt inn sist helg. Den er tørka og lagt opp att. Det vil bli lagt opp ei ny bok snart. Helselaget
Vi kjem tilbake med meir informasjon når datoane og ansvarsfordeling er klart. Helselaget
Nasjonalforeningen for folkehelsen (NFF) har sendt ut et forslag til nytt handlingsprogram for perioden 2010 til 2014. De har lagt opp til ein brei prosess, der heile organisasjonen skal få uttale seg. Dette inkluderer også medlemmer. Styret i Jøsneset helselag jobbar for tida med ein høyringsuttale, blant anna er vi ikkje enige i at temaet "barn og familiar" …