Hjelmeland ferjekai skal byggast om og utvidast. Difor blir ferjekaien der stengt f.o.m mandag kveld 07.12 fram til fredag 11.12. Sjå melding frå Vegvesenet HER. Det blir sett opp hurtigbåt etter den ordinære ferjeruta.Skal du ha med bil over, må du ta ferje til Tau! Det vil gå ferje i sambandet Nesvik -Ombo-Tau i 3.timars-intervallar; …
Husk at du ikkje alltid treng å gå over bekken etter vatn: Du finn gode julemat-produkt hima i bygda: Pinnekjøt? Fenalår? Mør kalvesteik? Med ei frisk eplesaft attåt? Sjekk BUHAGEN. Deilig røykelaks? Eller kanskje ein cocnacmarinert variant? Sjekk MIKALS LAKS. Andre som har noko spennande til salgs? Meld inn !
Så er desember der igjen. Adventstida er over oss….med peparkakehusbaking, kalenderopning, tenning av julestjerna og andre ting som høyrer førjulstida til. Me minner om to arrangement på Jøsneset i adventstida: – Søndag 6. desember kl 16.00 Fakkeltog frå Skiftun kai og TENNING AV JULETRE på Skiftukrossen. Arr: Bygdarådet – Torsdag 16. des kl 18.00 …
Statens Vegvesen har sendt ut forslag til nye ferjeruter for 2010 til høyring. Kommunen fekk ei knapp vekes frist, så viss du vil meine noko om rutene, så må du meine det fort !! Kommunen har vidaresendt forslaget til Bygdarådet, så eventuell merknad kan sendast til bygdaradet@josneset.no innan tirsdag kveld 01.12. (Kommunen sin frist er onsdag, …
Frå nyttår får me ny lokalavis !! Strandbuen og Bygdaposten slår seg då saman og blir då ei felles avis for kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand. Namnet på den nye avisa er STRANDBUEN !! Sjå her. På nettstaden ryfylke.no uttaler rådmannen i Hjelmeland at han ikkje tykkjer noko om det "nye" namnet. Ifl han er namnet i …
Det varsla monsterregnet "gjekk av i ligaste lajet" her i bygda,,,,iallefall hittil. Det blei ikkje så mykje som varsla for torsd/fred. Meldingane gjekk ut på 5-10 årsflaum, men ifølge målestasjonen vindkast.no utanfor Fosså er det kome "kun" 56 mm det siste døgnet. Sør-Fylket derimot har fått sin dose, og det er flaum i Egersund, sjå …
11.november blei det årlege Bygderådsmøtet avhalde i Kommunestyresalen på Hjelmeland. Her blir altså alle Bygderåda i alle grender invitert til eit felles møte med kommuneleiinga. Formålet er gjensidig informasjon: Kommunen fortel litt om aktuelle saker, medan dei enkelte bygdaråda får informere om sine aktivitetar gjennom året samt ta opp saker dei meiner er viktige for …
NVE har sendt ut flaumvarsel frå og med torsdag 19 nov !! Og Ryfylke får visstnok sin del av dosen; kanskje opp mot 200 mm frå torsdag til fredag kveld !! Med sommarflaumen friskt i minne: sjekk takrenner, stikkrenner og grøfter og hald avløpsveier opne for å unngå skader. Les meir om dette hjå NVE, Strandbuen og NRK …
Cesilie på Nauste Mix`n på Nesvik melder at Mix`n er stengt tirsdag 10 nov og fram til kl 15.00 onsdag 11.nov.Onsdag er det altså åpent frå 15.00 – 19.00. Men deretter er det vanlege opningstider igjen! PS; redaksjonen beklagar at meldinga kom litt seint ut 🙂
Adressering på Jøsneset Jøsneset bygdaråd har det siste året, i samarbeid med Eldfinn Austigard, arbeidd ein del med adressering på Jøsneset. Vårt første forslag var at adressene tok utgangspunkt i dei namna som var knyta til gardsbruka, som i bygdaboka. Dette blei det orientert om på årsmøte til bygdarådet. Etter samtaler og brevveksling med bygdarådet, …
6. desember klokka 1600 tenner me julegrana foran brannstasjonen. Det blir song og gang rundt treet, gløgg og pepparkaker. Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien
Eit flott julegåvetips som du kan gi til dine frivillige lag: 5 % av alt du har tippa for i 2009 kan på ein rask/enkel måte gå til Ungdomslaget eller Helselaget – utan at det kostar deg noko !! Både Jøsneset Ungdomslag og Jøsneset Helselag er registrerte i det nasjonale Frivillighetsregisteret og er godkjende GRASROTMOTTAKARAR.Det …
Hei alle tenåringar i ungdomsskulealder !!Lørd 21.11 dagtid kan du bli med på ein artig maleworkshop. Kunstnaren Anita Jakobsen bruker musikken som inspirasjon til malinga – og ho er kjendt for å vere veldig dyktig instruktør.Så har du lyst å uttrykke musikken din på papiret, så er dette staden for deg: Tid, stad, opplegg, pris mm finn du …
Møt Baron Lasaron i artig førestilling av Skromlehjulet Figurteater…..men først blir det kafè Kulturhaust Ryfylke og Hjelmeland kommune v/ Kulturkontoret set laurd 14.11 kl 15.15 opp den spanande førestillinga: BARON LASARON av Skromlehjulet Figurteater. Dette er eit proft figurteater frå Stavanger, og denne dagen viser de forestillinga om Baron Lasaron som vil ut i …
Igjen blir det ombygging i ferjesambandet. Nå er det ferjelemmen på Hjelmeland som skal utvidast. Dette får ulemper for deg som reisande i nokre dagar : Anleggsarbeidet vil etter planen skje i veke 50 (7-11 des). Dette kan bli endra – vil i såfall bli annonsert 3 veker før.Stengningsperioden er planlagd å vare i 3 dagar og …
Er du ein av dei mange som er interessert i været; både om korleis det blir og korleis det har vore. Husk at du kan følgje med på alle detaljar om Jøsnes-været på den web-baserte værstasjonen som står utplassert på oppdrettsanlegget utanfor Fosså. Værstasjonen har fått namnet Jøsneset og ligg på www.vindkast.no.Linken til sida ligg …
Etter ballbinge-dugnaden i vår fekk me med oss heim ei grafse for mykje. Kanskje den er din ?? Den ser slik ut: Ring 97 00 76 36 så skal du få den att…….(bedre sent enn aldri:-))Svanhild
Nå skjer neste steg mot realisering av ny utsiktsplass ved RV 13, Bastbergneset i Jøsenfjorden: det er nå varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for området. I 2008 var det ein stor arkitektkonkurranse på gong for unge norske formgiverar, og det gjekk ut på utforming av raste/utsiktsplasser langs Nasjonal Turistveg. Den eine konkurransen dreide seg om utforming …
Asfaltbåten kom til Skiftukaien natt til mandag, og etter det har asfaltgjengen jobba frå morgon til langt på mørke kvelden.Det er i hovudsak Åslandsvegen som blir oppgradert, og nye partier blir asfaltert der vegen har vore dårleg i lengre tid. Det er òg blitt lagt asfalt i div private tun/gardsrom, så nå blir bygda så …
Tradisjonen tru, så arrangerte Jøsneset skule og barnehage FN-kafè med basar i tilknytning til FN-dagen. Dette klaffa då i år på fredag den 23.oktober. Alle barna både i barnehage og skule hadde førebudd denne dagen: Barnehagen selde sjølvtørka epler som var knaskande gode. I tillegg hadde dei "butikk" der de selde mange fine FORUT-produkt. Skuleborna …