Etter ein lang, kald og snø/isrik vinter, kan me igjen sjå det irrgrøne kunstgraset i ballbingen. Skulebarna og tenåringane har vore flinke og ivrige til å skuffe vekk snø, slaps og isklumpar, og nå er banen heilt isfri igjen. I kveld rulla så smått ballen på banen igjen. Jippi, det er vår!!
Suldal Idrettslag/Erfjord Idrettlag melder at siste skikarusellrenn 24.03 ER AVLYST.Sitat frå Suldal Idrettslag si nettside: « Erfjord IL har avlyst 4. lysløypekarusellen. Grunnen er sjølvsagt dei dårlege snøforholda i lysløypa. I tillegg til mange berrflekkar og våt snø er det no vassdammar på stadionområdet. I løypene i Breiastølsdalen kan ein fortsatt gå på ski …
Onsdag 28.april 2010 tar vi med oss heile damekvelden og reiser inn til Jøsenfjorden ein tur. Det blir omvisning og kanskje litt mulighet for trim, og vi avsluttar med kaffi i kaféen. Sjå fleire opplysningar om påmeldingsfrist og klokkeslett når det nærmar seg datoen, vi køyrer saman frå Skiftunkrossen.
Siste torsdag i mars, den 25.03.10 blir det som vanleg damekveld på trivselståvå kl. 20.00. Det blir kaffi og drøs, så dra med deg nabokånå og gjedna strikketøyet og.. elle kanskje det e påskepynten som står for tur akkurat nå?? Det blir servert kaffi og litt attåt. Helselaget
Påskeafta brakar det laus igjen med lokal amatørrevy «Så va det Hjort» og fest/dans. I fjor hadde me «pause» pga scenebygging. Men nå står scenen der blank og ny og fin med lyd og lys og det hele !!! Nå ventar me berre på deg i salen!!! Revygjengen jobbar for at du skal få ein moro …
Skuleelevane svinga opp med både middag og underhaldning for Eldretreffen på torsdag.Ein svært hyggeleg tradisjon og eit vellykka arrangement. Då pensjonistane møtte opp til sitt jamnlege treff i Trivselstova på torsdag, stod borda ferdig dekka og serviettane fint dandert på plass. Dei 8 storskulelevane svinga seg på kjøkken saman med Rasin og TorOlav: 60 poteter og masse …
Til saman 600 stk, på begge sider av den rasramma Tysdalstranda på RV13, aksjonerte i dag for sikrare riksveg. «NY VEG NÅ» «ME VIL HA TUNNEL» var nokre av dei tydelege slagorda som var å sjå på plakatane. Sjå meir her: NRK ROGALAND, STRANDBUEN, STAVANGER AFTENBLAD, Klar tale te na Magnhild på Tinget dette !!
TIDE slit med å avvikle søndagstrafikken på ekstrarutene, sjå STAVANGER AFTENBLAD. Det er ikkje berre søndagstrafikantane som blir råka av dette. Mange trafikantar har heile den siste veka fått ulemper og lang ventetid, nettopp pga manglande skilting dårleg informasjon på og ved ferjekaien.
Jøsneset helselag hadde årsmøtet sitt den 10.03.10 i gymsalen. Spreke Arthur Westersjø holdt et innlegg der han mimra litt om gamle dagar, trekte historia rundt helselaget fram, og utviklinga som har vore, bl.a. med kva hjelp det var når penicillinen kom, og bekjemping av tuberkulose. Han fortalte korleis livet på ein gard kunne utarte seg før i …
Den tragiske rasulykka på Tysdalsstranda tirsdag denne veka har medført auka fokus på ein rassikker veg. Facebook-gruppa «Få tryggere veg langs Tysdalsstranda i Ryfylke» hadde 400 medlemmer for ei veke sidan – nå har den nesten 4500 medlemmer !! Folk mobiliserer nå for ein sikrare veg, og søndag blir det arrangert aksjon : – TYSDAL CAMPING …
Etter 86 døgn med samanhengande snø og ein uvanleg kald vinter, er det små underverk som nå tyt opp or den våte, kalde jorda: Klosterklokkene strekker seg optimistisk mot sola !! Vinteren 2010 vil gå inn i historiebøkene som ein usedvanleg flott vinter. 3 mnd med snødekke er uvanleg her (ja kven veit, det kan enda kome meir?), …
Tirsdag 23. mars kl. 19.30 blir det årsmøte i Jøsneset Bygdaråd. Ordførar Bjørn Laugaland kjem og snakkar om planane for Jøsenfast. Du kan lesa heile innkallinga her
Pga snøskred ved Tysdalsvatnet er RV13 stengt f.o.m 09.03 t.o.m torsdag foreløpig. Det er sett opp ferjer mellom Tau-Hjelmeland-Nesvik-Ombo. Ei av ferjene som går til Tau er «vår» MF Hjelmeland. Den er altså då tatt ut av ordinær drift, noko som betyr at vårt ferjesamband Nesvik-Hjelmeland-Ombo er svært redusert m.o.t. avgangar. Det er sett opp hurtigbåt for …
Tar du turen til Håvehammar i desse dagar, så blir du helst velkommen av desse to gubbane: Den eine står å helse deg velkommen med eit snilt smil og eit optimistisk «hei» på magen. Den andre står å skuer ut over «sitt kongerike» med et fornøyd lite glis om munnen – imponerande hårsveisar har de begge. …
Kirsten Inga Kamrud i Norges Bygdekvinnelag la spørsmålet «Kva er det som er så bra med bygda?» ut på Facebook, og ho fekk mange svar, som ho samanfatta til 12 gode punkt om bygda. Her er litt å tenke på! Kanskje nokon på Jøsneset som òg kjenner seg igjen. Les dei 12 punkta HER. Og kanskje …
Vanlegvis er våren i full anmarsj 3.mars på desse kanter. Men ikkje i år! I dag blei bygda igjen «inntatt av en himmelsk hær» og farga kvit og mjuk av flott nysnø. Kva passar betre på ein dag som denne enn Anne Grethes Preus hyllest til snøen: NåR HIMMELEN FALLER NED Det snør himmelsk …
Det ny-oppstarta Jøsenfjord- og Jøsneskoret har i kveld hatt si tredje øving. Songen ljoma så taket nesten letta. Men kva skal «barnet» heite?Etter lange høyringsrundar, mange namneforslag og grundige drøftingar, falt endeleg den store avgjerda i kveld: «KOR-LØYE». I namnet finn ein sjølve grunnpilaren, ideologien og filosofien (he he) bak prosjeket: nemlig: å ha det løye!! …
I kjølvatnet av den nedlagde Bygdaposten såg ei ny nettside dagens lys på Hjelmeland: www.hjelmelandsnytt.no. Tanken var eigentleg å leggje ut lokalt smånytt og aktualitetar frå Hjelmelandssamfunnet. Nå førebels fungerar sida som ein aktivitetskalender : her finn du ein temmeleg god oversikt over arrangementer og «happenings» i Hjelmeland i den næraste framtid. Og det kan du …
Me har fått ny kalenderfunksjon på høgremenyen på sida vår. Nå ser kalenderen faktisk ut som ein kalender, og er meir oversiktleg og enklare å bruke.Før peikaren over datoane, så vil tittel på arrangement kome fram; klikk på datoen og du får meir informasjon. Det er òg lagt inn ein ny fane øverst «Kva skjer»: klikk på den så får …
NB: Skikarusell-rennet er denne veka flytta fram til TIRSDAG 02.03 !! ….det blir altså ikkje på onsdag slik planlagd.