Siste nytt

Gøy idrettsskule

  Denne veka deltar fleire Jøsnesbarn på idrettskule – og har det veldig gøy.…..her på vannsklia !! Dette er ei veke med ulike aktivitetar dag for dag: høyr berre: padling, vannleik, fotball, Michael Jackson-dans, svømming, stjerneorientering (!), handball, sykling, førstehjelp, friluftsliv, o.a. Det er Jøsnes-studenten Anne Hjorteland og fisterbuen Marianne Krumsvik som har planlagd og organisert …

23.06.10 Rapport frå Jøsnes-delegaten

 Berit Torgersen Skiftun. Foto: Sven Westersjø     Eg inntok talerstolen på Landsmøtet i Oslo som nr. to i saken om Handlingsprogrammet, i ei knallrød t-skjorte med et flott bilde av et ungt og flott styret.  Holdt et godt forberedt innlegg for vel 300 lydhørte landsmøte delegater.  Innlegget skapte engasjement og mye positiv tilbakemelding fra …

Fotballspelarar trengs !!

Helga 2-3-4 juli blir det HJELMELANDSMESTERSKAP I FOTBALL !!Det jobbast for å få til eit Jøsneslag/Jøsenfjordlag !! Er du klar for høge, skrudde taklingar og lange løpeballar……. …..då er dette noko for deg !!!Ta kontakt med Jone 93 63 20 32 viss du vil bli med !! «Hyttefolk» er òg svært velkomne på laget så sant …

Bli med på Jonsok-feiring

Onsdag 23. juni blir det tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftu-stranda klokka 18.00 Det blir bål for store og små, felles grill og leiker. Ta med bøtte til krabbefangstkonkurransen! Alle tek med grillmat, drikke og stolar. Velkommen!  

16.06 Flott kulturkveld på skulen

Kulturskulen og Jøsneset Skule inviterte bygda på avslutningskveld på skulen onsdag kveld.Og elevane stilte med eit tettpakka og over ein times langt program…… Godt hjulpe av kyndige lærarar var det jammen litt av eit program elevane drog oss med gjennom. Her var det song, blokkfløytespel, diktopplesing, sketsjar, fløytespel, gitarspel, sjølvlaga filmar, fotopresentasjon, pianospel, dramatisering…..og alle som …

16.06.10 Jøsnes-delegat til landsmøte

Denne veka reiser Berit Torgersen Skiftun til Oslo, som Jøsneset Helselags delegat på Landsmøtet i Nasjonalforeningen for folkehelse.                                                        Berit er kampvillig og har førebudd eit innlegg på Landsmøtet. Dette er på bakgrunn av at handlingsprogrammet for dei neste fire åra skal vedtas på Landsmøtet. Dette har Jøsneset helselag tidlegare sent høyringsuttale til. Vi …

Travel veke før skuleslutt

Skuleelevane har ei travel siste-veke før skuleslutt: Mandag skal småskuleelevane ha utedag med Natursti.Tysdag skal småskuleelevane til Saltkjervika i KnutsvikI tillegg blir det mykje øving mand-tysdag for alle elevane; til avslutningskvelden på onsdag:Onsdag er det skuleavslutning med opprinn/innslag frå scenen saman med kulturskulen.Torsdag reiser storskulen til Viten-senteret i Sandnes for å lære om energi, medan …

16.juni Invitasjon til sommaravslutning

Jøsneset Skule og Kulturskulen innbyr til sommaravslutning på Jøsneset skule onsdag 16.06. kl 18.00. PROGRAM:Innslag frå elevar i kulturskulenInnslag frå skuleelevarBevertning ALLE er velkomne !!! Jøsneset Skule/Hjelmeland Kulturskule.

Skulebarna song på omsorgsentra

Alle elevane på Jøsneset skule var sist veke på besøk både på Årdal Omsorgsenter og på Hjelmeland Omsorgsenter for å synge, spele og lese dikt til dei eldre!! Dette blei eit kjekt og vellykka møte på tvers av generasjonar. Mange barn kjenner gjerne ikkje til korleis dei eldre har det på eit omsorgsenter, og mange av dei …

Bilder frå Hardhausen/3-nutsturen

                                                                                         Foto: Jorunn FossEin blid gjeng foretar felles innregistrering etter vandring mellom fjord og himmel på 4 nutar på 690, 713, 719 og 829 moh. Bilde frå Frank Wåland:Joachim og Frank på Gunlanuten Her kjem nokre bilder innsendt av Anne Hjorteland. Får de ikkje lyst å gå på tur nå, så vett kje me:-) Undervegs …

Eldretreffen på Preikestolhytta

Eldretreffen avslutta sesongen med god middag på Preikestolhytta sist veke. ….og det ser ut til at middagen var storarta, for dette var jo ei blid gjeng med Jøsnesbuar !!! Eldretreffen tek nå «sommar-pause», men dei jamnlege treffa startar opp att til hausten.

23.05 Rekordstor deltaking på Hardhausen

  For dei ca 115 som tilsaman gjekk 3nutstur/Hardhaus og som besøkte Fosstemmen i dag, trur me at 23.mai 2010 går inn i historien som ein VAKKER OG GOD DAG !!!  Jøsnesheia fekk rekordbesøk denne dagen!   Underteikna skibert fekk den gleda av å sitte på nøtte- og saftstasjonen v/ Gunlatjødnå å møte over 80 blide, turglade …

19.05 Uvanleg fisk opp frå djupet.

   Skuleelevane på Jøsneset skule fekk eit uvanleg møte frå det djupaste djup på fiskemottaket på Skiftun i dag : møtet med sølvkveita !   Det var fiskarbrødrene Gaut Harald og Trygve Gautesen som fekk eit flott eksemplar av den relativt sjeldne sølvkveita på makrellnota si i Erfjord i dag. Sølvkveita var heile 190 cm lang. …

18.05 Bidra med ved til Kalvagaren

    Det minkar på veden i gapahuken «KALVAGAREN» v/ Fosstemmen. Kanskje du har ein vedsekk og to som du vil bidra med ?? Vedsekken kan du legge frå deg på muren nedanfor ny-huset til Sven Westersjø (rett i vegkanten). Sven skal opp med traktorhengar på søndag, så då tar han ditt bidrag med seg opp. …

Folksomt på 17.mai-feiringa

 Nasjonaldagen blei feira på tradisjonelt vis på Jøsneset, med rekordstor deltaking Komitèen hadde sett klar 100 stolar, men måtte fylla på for å gi sitteplass til alle. Spesielt kjekkt var det at det var så mange ungdommar som feira heime i bygda i år…… Her er eit knippe av Jøsnesungdommen…..representert ved dei rekordmange konfirmantane….heile 7 …

Klar for 17.mai !!

 17.mai-programmet for 2010 finn du HER.Talar for dagen er ordførar Bjørn Laugaland.

13.05 «JØSNESPOSTEN» i salg NÅ !!

  JIPPI !!! Nå er den her!! Avisa som me Jøsneskalvar liker aller best: JØSNESPOSTEN !!! Elevane på Jøsneset skule har jobba på spreng dei siste vekene. Det er travelt å lage avis: finne stoff, intervjuing, fotografering, skriving, annonsering og redigering ……og ikkje minst distribusjon og salg!! Men nå er den her !! 28 flotte sider med …

23.05.10 HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR

  1.Pinsedag søndag den 23. mai 2010, går årets 3-nutstur og Hardhausen av stabelen på Jøsneset.  Velkommen til årets toppturkonkurranse: ein flott tur mellom fjord og himmel midt i hjarta av Ryfylke !!! Oversiktskart finn du HER.   Stiane er merka og skilta i terrenget. Detaljkart finn du HER, og dette blir òg utlevert ved start.  …

08.05.10 Gratis hjerter: 244 stk utdelt

Hensikten med å dele ut gratis vafler kan du lese om her. Oppskrift på sunne vafler kan du finne her. På skuleplassen på Jøsneset laurdag 8. mai 2010, med flagget til topps, feira me nasjonalforeningen for folkehelsen sin 100 års dag. Først var det hjertemarsj, der dei aller fleste gjekk til Brynå, ca 1 times …

Referat frå årsmøte i Bygdarådet

Du kan lesa referat frå årsmøtet 2010 her