Jøsnesguten Jone Hjorteland (15) er klar for Rogaland krets sitt fotball-lag. Jone er ein ivrig kar – og fleire dagar i veka er han å sjå på veg over fjorden med gymbagen på ryggen – på veg til fotballtrening eller fotballkamp. Han har i fleire år spela på Hjelmeland sitt guttalag, G 15, og spela ein viktig …
På HJELMELANDSNYTT finn du ein arrangementkalender for Hjelmeland. Arrangementkalenderen er sortert bygdevis og etter dato, så det er veldig enkelt å finne oversikt over kva som skjer i ditt nærmiljø. Det er Hetland Media v/ Morten Hetland som driftar sida. For at HJELMELANDSNYTT skal vere mest mulig komplett og oppdatert er det viktig at du, …
Torsdag 11 november innbyr skulen til BYGDAKVELD på Jøsneset Skule kl 18.30Tema er «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form»Om me kjem til å sjå slike makalause triks som denne godjenta utfører, er vel heller usikkert.Men skulebarna kjem garantert til å gi oss god underhaldning !!! I skrivet frå skulen står det:» Jøsneset og Jøsenfjorden skular …
Aktivitetsdag for ungdom i Jøsenfjorden laurdag 6 november. Les meir HER Jøsneset Ungdomslag er medarrangør……i dette tilfellet inneber det bilskyss inn el ut til fjorden om nokon treng det.Elles er det Gjil Aktivitetssenter som står for opplegget og maten
…..ja, iallefall om me skal tru resultata frå Nasjonale Prøvar. Sjekk artikkelen på NRK ROGALAND, der det viser seg at Hjelmelandsskulane kom dårlegast ut på leseferdigheiter for 5.klassingar. Vindafjord kom nest dårlegast ut, men det ser ut som dei alt har sett i gong tiltak……les meir om nytt leseopplegg på Imsland skule HER.
TORSDAGSKVELDAR I GYMSALEN PÅ SKULEN kl 20.00. Ungdomsskulealder og oppover. Ta med deg naboen, kompisen, kånå, venner og kjendte – volleyball er god, gøy og sosial trening. (og ps: tenk viss det blir Skiftudalen Open- turnering til sommaren —— då må du legge deg i trening) Arr: Jøsneset Ungdomslag
Det var Helga Havnerås, Berit Hjorteland og Terje Bremnes frå Bygdarådet som stilde som bøssebærarar for TV-aksjonen til Flyktninghjelpen i år. Helga fortel at dei blei positivt mottatt og at seddel etter seddel blei putta på. Mange sat klar med pengane då dei ringde på, medan andre hadde hengt pengar klar i pose på døra til dei. Svanhild …
I gjesteboka i «Kalvagaren» v/ Fosstemmen er det ein turgåar frå Stavenger som opplyser at han har mista kniven sin på strekninga opp til Fosstemmen. Om nokon finn den, så er han veldig glad om han får den igjen. Kniven er svart, og det står «cold steel» på bladet.Han opplyser ikkje om det var på skogsvegen …
«And the winner is»………nei, ikkje akkurat denne karen……men han er jo ein medverkande aktør på garden som fekk prisen: BØEN v/ Silje Sværen og Øyvind Oaland. Hedersprisen «Årets bonde 2010» blei delt ut under den store landbruksmessa Agrovisjon2010 som var i Stavanger denne helga. Prisen (som bestod av eit flott kunstverk og ein diplom ) blei delt …
JØSNESET LAURD 23.OKT kl 13.00 – 17.00 v/ Jøsneset skule. GPS-løp, puttball, hinderløype mm i regi av Gjil Aktivitetssenter.For ungdom frå 8.klasse og eldre.Matservering.Meir info på facebooksida «Ung i Hjelmeland» Arrangør: Jøsneset Ungdomslag, Jøsenfjorden Fritidsklubb, Frivilligsentralen.
Fylkestinget har etter søknad frå Hjelmeland kommune godkjent å utvide jakttida for hjort for Randøy og Jøsneset storvald slik at desse storvalda kan jakte til 29. november. Løyvet gjeld ut 2011. For andre vald er det framleis 15. november som er siste jaktdag for hjort.
Damekvelden skal ta turen til Jøsenfjorden den siste torsdagen i oktober, den 28. Felles skyss – oppmøte Jøsneset skule, kl. 19.00. Påmelding: til Ingeborg, tlf 928 50 297 innan 23.okt Pris: Medlem 80,-. Ikkje medlem 130,- (inkluderer skyss, omvisning, motivasjonsforedrag og matservering) Sjå plakaten her.
Familebading og helsebading startar opp att den 18.10 og treng badevakter. I det høvet arrangerast livredningskurs måndag 18.10.10 kl. 19.30 på Hjelmeland ungdomsskule. Vi oppfordrar flest mogleg til å delta på kurset. Jøsneset helselag dekker utgiftene for dei som ynskjer å stille for Jøsneset. Arr. Helselag og sanitetsforeningar i Hjelmeland i samarbeid med Hjelmeland røde …
Eplehausten er for fullt over solbygda, og dei epla som ikkje går til direkte konsum blir i desse dagar til deilig,sunn eplesaft. På kaien på Skiftun har fruktdyrkar Jostein Hjorteland etablert eplesaft-presseri, og det er nå høgsesong i produksjonslokala. Friske, fine eple rett frå treet, blir spyla og tømt over i eplekverna. Der blir epla most …
Jøsneset skule og barnehage innbyr til kafè og basar på Jøsneset skule onsdag 20 oktober i tida 12.30 – 14.00. Overskotet går til to fjernadoptivbarn i Equador. På programmet blir det enkle opptrinn av elevane og barnehageungane. Barnehagen har jobba med eit prosjekt frå FORUT og vil i samband med det selje nokre varer som …
Likar du villsau-produkt, kalvekjøt og litt epesaft attåt? Nå er alt dette under produksjon og pakking – og tida er moden for bestilling. «Buhagen» fristar med ny nettside, og har lagt ut prisliste/kontaktskjema HER.
Folkevekst er gledeleg for ei lita bygd som vår.Denne gongen er det i Nesvik det vekst.Der har folketalet nå stige med pluss 1: Solveig og Ian har fått ei fin datter!Me gratulerer familien og gledar oss over veksten.
Informøte Torsdag 30.sept kl 19.00, Ombo Grendehus på Eidssund.Hovudtema for møtet er kommunegrensa på Ombo. MEN: Det blir òg ny informasjon om utsiktene for JØSENFAST ved vegplanleggar Bjørn Alsaker frå Statens Vegvesen.Ordførarane i Finnøy og Hjelmeland stiller òg.
«KorLøye» – det «temmeleg-useriøse-berre-for-å-ha-det-løye»-koret – har hatt ein velfortjent og lang sommarferie. Me hadde jo tross alt hatt 5 eller 6 øvingar og to tunge konsertoppføringar…..joda, gjengen trengte definitivt ein pause. Men NÅ ER PAUSEN OVER: og me vil ha med fleire…. ….så kom an folkens å bli med å syng saman med ein …
Helsebading startar igjen 18. oktober og kvar måndag fram til og med 29. november. I bassenget på Hjelmeland ungdomsskule. Småbarn m/føresette kl 17.30-18.30. Helsebading kl. 18.30-19.30.