Siste nytt

10.12 Jøsneset rundt med Google Earth

 I sommar blei det oberservert ein Google Earth-bil med kamera på, både på ferja og på vegane på  Jøsneset. Nå foreligg resultatet på nett, og de kan alle vere med på ei fantastisk bilde-reise langs alle vegar på heile Jøsneset. Bilda er av svært god kvalitet og er tatt fortløpande frå bilen, og du kan snu …

KorLøye har sunge jula inn

   «Godt ka så e gjort før jul», tenkte visst den travlne damegjengen i KorLøye, for nå er jula sungen inn…..fix ferdig med det 8-10 damer frå Jøsenfjorden og Jøsneset treffest kvar 14.dag for litt felles gladsong….og dette fenomenet kalles «KorLøye».  Siste øving før jul var mand 6 des. Denne mandagskvelden var det julasongar som stod på programmet …

06.12.10

Utvendig renovering av det gamle huset til Jorunn og Eilef er ganske snart ferdig, siste finpuss gjenstår, så er huset brakt tilbake til sin fordums prakt.

Utsiktspunkt Bastbergneset

Statens Vegvesen planlegg eit nytt stopp/utsiktspunkt v/ Bastbergneset mellom Nesvik og Vindsvik v/ RV13. Området skal opparbeidast med parkeringsplass, trapper ned mot sjøen og beplantning over den store steinfyllinga som i dag pregar området. Planen er nå på høyring, sjå HER.

Ullinnsamling

Til alle sauebønder! Hjelmeland Sau og Geit melder om ullinsamling i desember:  Nortura: torsdag 09.desember. Meld inn tal sekker innan tysdag 07.des til Øystein Bjelland 99256458Fatland: fredag 17 des. Meld inn sekker til sjåfør Frode 95151268

Stengt veg RV13 Hålandsosen-Kilane

Statens Vegvesen melder at RV13 Hålandsosen-Kilane blir heilt stengt for trafikk i veke 49 frå måndag 06.des kl 9.00 til fredag 10.des kl 15.00 Omkjøring fylkesveg 632 over Gullingen blir skilta. Kollonnekjøring for store kjøretøy. Anbefalt omkjøring E39 om Arsvågen-Mortavika for tungtransport. For oppdaterte veg-og trafikkmeldingar tlf 175 eller www.175.no Statens Vegvesen

Folkedanskveld

Hjelmeland Folkedanslag arrangerer Juleavslutning i gymsalen på Jøsneset skule søndag 05.12 kl 19.00. Johan Hiim er spelemann. Velkommen !

Vintervedlikehald av fylkes-og riksveg

 Statens Vegvesen har sendt ut informasjon om korleis brøyting og strøing på fylkesvegar og riksveg vil bli utført i vinter. Også denne vinteren legg dei opp til ulike standardkrav på RV13 på sør- og nordsida av Jøsenfjorden. Så vèr obs. Infoheftet finn du HER.

28.11. Bli med på tenning av julegrana

Søndag 5. desember tenner me julegrana ved brannstasjonen. Me startar med fakkeltog frå Skiftun-kaien klokka 17.00. Det blir gløgg, pepparkaker og gang rundt juletreet – og kanskje dukkar nissen opp? Alle er velkomne!

KorLøye – utsett ei veke

Då sentrale personar i det høgtideleg seriøse koret KorLøye har andre påtrengjande gjeremål mandag 29 november, blir korøvinga utsett ei veke, altså til mandag 6.desember. Då blir det øving på Jøsneset, 19.30.

Kald novembertur

  Siste del av november har vore prega av kaldt, stilt og stabilt barfrostvær.Fint inne ved peisen……men magisk ute i naturen òg   Naturen byr på litt andre opplevingar enn i sommarhalvåret. Her på veg opp Åslandsbakkane mot Herefjellet.  Frå Norda Høgaste ned mot Erfjord og inn Erøysundet Utsikt mot Gunlanuten. Dette er dagen før hjortajakta tek slutt …

27.11.10 Nokon som skal på topptur i desember?

Dersom nokon skal på topptur i desember, er det fint om de kan ta med og byte boka på Norda Høgaste, Tausanibbå, Røssenibben, Gunlanuten og Valafjell. Gi beskjed til Ingeborg Westersjø på tlf 92850297 så ordnar ho bok de kan ta med opp og ta med den andre ned igjen til ho. Det er veldig …

Jøsneset: 12 i pluss

I 2010 har det, etter kva «redaksjonen» har klart å telje, vore ei auke på heile 12 personar på Jøsneset! Pluss 3 stk som bur midlertidig i Nesvik. Dette er ei svært positiv utvikling, og vi håpar at det betyr at vi får ein oppsving att, der fleire vel å «flytte heim» eller at det …

TIPS OSS !!

    Me treng tips og idèar til nettsida. Veit du om eit arrangment, eller små eller store ting som skjer på Jøsneset – SÅ TIPS OSS !Det er enkelt: klikk «kontakt oss» oppe på sida – så vips har du epostadressene våre.  

Husk volleyball torsdagar

Husk Volleyball-trening torsdagar kl 20.00 i gymsalen. Volleyball er ein sosial og kjekk sport som passer for alle, så ta med deg naboen og kom Arr: Jøsneset Ungdomslag

Eventyrleg seilas

Fotoforedrag m/ Audun Hetland, Jøsenfjorden skule, 18. november NB NB kl 19.00(ikkje 19.30 slik tidligare annonsert) Inngang kr 30,-  inkl mat Les meir om seilaset HER Arr: Jøsenfjorden Fritidsklubb

Talenter på rekke og rad

Torsdag 11 november inviterte Jøsneset og Jøsenfjorden skule til Bygdakveld på Jøsneset. Elevane tok ein fullstappa sal med gjennom eit over 1-times variert program. Og salen lot seg begeistre: på dei to små skulane gror talenta !! Tema for kvelden var «Barnelitteratur og forteljingar i ulik form» og tillegg var det framføringar av Kulturskule-elevar.Det var …

Volleyballtrening på torsdag utgår…..

………pga BYGDAKVELDEN som Jøsneset- og Jøsenfjorden skule arrangerer. Men møt opp neste torsdag kl 20.00 – då er det volleyball igjen.

«Me kjører buss «

    Når reklame blir så kostelig som det Suldal Billag har klart å stelle i stand her, så må me nesten oppmode folk om å klikke på følgjande link frå YouTube og nyte øyeblikket   http://www.youtube.com/watch?v=PgWa0lqDL9g  Kva anna kan ein sei  : SULDAL BILLAG – HU HEI KOR DET GÅR !!! og PS: ser du …

Siste kamp for G15

 Hjelmeland sitt fotball-lag G15, der heile 5 Jøsnesgutar var med, har nå spela sin siste kamp etter nesten 10 år i lag. Dei fem Jøsnesgutane som har spela på dette laget er Eirik Fossaa, Jone Hjorteland, Marius Loktu, Jonas Hjorteland Gbada og Trond Brandal. Eirik var førstemann som starta å trene omtrent i skulestartalder, og …