Siste nytt

Bli med på turstidugnad – Onsdag 17.aug

  Denne stabelen med ganglemmar ligg på Foss, og skal nå leggjast ut i våte parti på stien til Gunlanuten.  Lemmane er ca 3-5 m lange,og blir frakta med traktor frå Foss til Skiftustølen, og skal altså bærast inn frå traktorvegen og eit par hundre meter inn på myra der det er veldig vått.  Då …

Bussruter Smashing Jøsneset – feil i telefonnummeret til Sven!

Det sneik seg dessverre inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss fra Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdag kveld!

Førehandssal av Smashing-billetter ut torsdag

Salet av billetter til årets Smashing Jøsneset går unna som varme skuleboller! Dersom du vil sikra deg billett, har du sjansen fram til midnatt torsdag 4. augusther. Det blir sal av resterande billetter ved inngang til konserten.

Treningsrommet stengd laurdag kveld

På grunn av Smashing Jøsneset er treningsrommet stengd laurdag 6. august frå kl 17

Vinnaren av høgttalaren er klar

Me har trukke ut ein av dei som kjøpte billett til Smashing Jøsneset seinast 1. august, og den heldige vinnaren er Catrine Kjærvoll! Gratulerer!!  

Bussruter Smashing Jøsneset – feil telefonnummer til Sven!

Det sneik seg inn ein feil i bussrutene! Vil du bestilla buss frå Jøsenfjorden eller Hålandsosen må du ringa Sven på nr 92862410 i løpet av torsdagskvelden!

Nye vinnersjanser for Smashing-publikum

Har du tenkt deg på Smashing Jøsneset 6. august kan det lønna deg å møta opp før kl 19. Då er du nemlig med i trekninga av denne flotte drillen frå Årdal Landbruk! Det blir billettsal i døra, men du kan sikra deg billett allereie no her

Smashing treng hjelp til rigging og rydding

Laurdag 6. august nærmer seg, og me er i innspurten til Smashing Jøsneset! For å gjennomføra konserten er me heilt avhengige av frivillige som tar i eit tak før, under og etter konserten. Kan du bidra?RIGGING: FREDAG 5. AUGUST KL 16NEDRIGG: SØNDAG 7. AUGUST KL 12Kontakt Odd Fossaa tlf 97705273 eller send ei melding til Smashing Jøsneset …

Vinnersjansar ved kjøp av Smashing-billett!

Alle som kjøper billett til Smashing Jøsneset her er med i trekninga av denne flotte høggtalaren frå Power Jørpeland!

Møteplass i naturen – Smidjehaugen

I samband med markeringa av Skiftun kai 100 er det òg gjenskapt ein møteplass i naturen – på Smidjehaugen i Norda Skiftun, med fin utsikt ned til Skiftun kai. Her ute på den markante haugen møttes naboar/bygdefolk før i gamle dagar då rutebåten kom inn; for å sjå, prate og få siste nytt.  Det har …

100års-mimrefest på Skiftun kai

Godt og vel 120 stk fant vegen til Skiftun kai denne laurdagen – då feira me 100-årsjubileum.  Jøsneset Bygdaråd var vertskap, og leiar Oddvar Skiftun innleia med mimring om stemninga på kaien då rutebåten kom inn!  Dette var bygda sin møteplass nr 1 gjennom mange, mange tiår takka vere rutebåtane, butikken, posten – nå er …

Velkommen til Skiftun kai laurdag 2.juli

Me satsar på godvær på laurdag, og håpar alle har tid og lyst til å ta turen på kaien. Kaien blir frihalden for parkering av bilar; så ver snill å parkere oppe ved Grendahuset…så får du ein fin spasertur ned Skiftudalen til kaien. Rutebåten kjem ikkje – den tida er forbi – men du kan …

Jøsnesgutar på Teaterscenen

Fredag 24. juni hadde Hjelmeland Teaterlag premiere på teaterstykket Mordet på Øye, og to av skuespelerane er Jøsnesgutane Julian og Jaden Bouzane. Stykket er basert på ei sann historie, om eit uoppklart mord som skjedde på Randøy i 1718.  Det flotte været var perfekt for at forestillinga kunne visast på Vigatunet, noko som gjorde opplevelsen for publikum ekstra …

Flott St.Hansfeiring

Rundt 50 store og små tok turen til Skiftun-stranda i kveld for å feire St.Hans. Flott vær og stort bål, god varme på grillen og godt lag. Det blei ein veldig fin kveld! Det var mange kampingstolar og grillpølser som hadde funnet vegen til Skiftun-stranda i kveld. Veldig kjekt å sjå at så mange tok turen, og …

Velkommen til årets St.Hans-feiring

Torsdag 23. juni blir det tradisjonell St.Hansfeiring i Skiftunstranda. Me satser på fint vær, stort bål og kjekt lag.     Det blir fiske- og krabbefangstkonkurranse for dei yngste. Ta med fiskeutstyr og bøtte. Premiering! ALLE ER HJARTELEG VELKOMNE! Bygdarådet

VM-gull og VM-sølv til EianeGard

Foto:EianeGardMe gratulerar masse Eiane Gard for nye gjeve prisar for sin eplesider. Denne gongen blei de faktisk kåra til verdas beste – intet mindre!  I CiderWorld2022 i Frankfurt denne helga fekk Eiane Gard to prisar i to ulike siderklassar: GULL til BRIST og SØLV til FYNDIG ! Les meir på Eiane Gard si Facebookside.    …

Vinnar av Hardhaus-selfie 2022

Det er ikkje småttrier for ein 10-åring å gå HARDHAUSEN.  Ruta er nesten 2 mil lang frå Åsland ca 250 moh, via Norda Høgaste 690, Gunlanuten 829, Røssenibben 718 , Valafjell 713, Fosstemmen 380 og tilbake igjen til Åsland ca 250.  Det er FRISKT gjort i solsteiken – og med denne friske, glade solfylte SELFIEN …

Hardhaus-selfie 2022

Sjå dei mange flotte selfiane fra årets Hardhaus.  Hardhaus-selfie av Magne. Selfie sendt inn fra Ingvild Marianne har sendt oss denne Hardhaus-selfien Ned Halvardskarsjuvet, før sola kom gjennom. Sevland-selfie Therese sine selfier   Team Kjærvoll og Berge Kevin sin selfie Øyvind på Valafjedlet Stolte 10-åringar som har fullført sin første Hardhaus!     Kristiane og …

Jøsnesbu var med i RyfylkeQuiz 2022

I går, torsdag 2. juni, gjekk årets RyfylkeQuiz av staben. Ryfylkequiz er ein årleg konkurranse for alle 8. klassar i Ryfylke-kommunane, som starta i 2016. I år var Jaden Bouzane fra Jøsneset på laget som representerte Hjelmeland. Saman med to andre i klassen vann dei først den lokale konkurransen på Hjelmeland ungdomsskule, og blei sendt til …