
Av 72 deltakarar på Hardhausen og 3-nutstur, var det nærare 30 stk som sendte inn foto til fotokonkurransen «Værstemning» – og ein god del sendte fleire bilder. Me takkar for mange veldig gode bidrag !! Denne gongen fekk juryen ein vanskelg jobb, for det var mange gode motiv. I vinnarbildet lot juryen naturen, lyset og værstemningen tale for seg sjølv , utan «innblanding» av mennesker og/eller dyr. Vinnar av fotokonkurransen blei Siren Johanne Lorvik sitt bilde av det vesle tjernet på veg oppover Gunlaknaggen, mot Gunlabu, og snart Gunlanut. Bildet er representativt for pinsehelga: Det var ein del gråvær og skyer, men innimellom dukka sola opp. Siren klarte her å fange det vesle øyeblikket, då sola kikka litt gjennom !! Siren får ei hengekøye i premie ! Gratulerar !

På ein god andre-plass kjem dette stemningsfulle bildet tatt av Randi Westersjø-Christiansen på Gunlanuten. Også dette bildet er representativt for værstemningen i pinsehelga; skyene som kom og som låg lågt over nutane.
Dette bildet har òg ei fin ro, både i motiv, person og fargar, som juryen falt for ! Og me er glade for at folk tar seg tid å sitje ned å oppleve øyeblikket. Premien er eit stort badehandkle sponsa av Hjelmeland Sparebank.
Alle dei andre bildene frå Hardhausen 2021 ser de på Facebook-eventen Hardhausen 2021.
Me takkar for alle flotte bidrag, og for all positiv respons og muntre meldingar til sekretariatet både under og etter vandringa ! Kjekt at så mange fant vegen til Jøsnesheia denne pinsehelga.
Meir info om Hardhausen kjem i eigen artikkel.
Jury og arrangør:

Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.