Hardhausen 2021 – «light» igjen

Også 2021 er «anderledes-år», og difor blir det ein liten «light-variant» av Hardhausen i år òg …..ja, altså det blir ikkje lettare å gå enn førwink, men det blir «full spredning i tid og stad». Startpunkt kan gjerne vere Åsland eller Foss.  Gå når du vil ila heile pinsehelga, og gå gjerne på alle Helselaget sine 10 turpostar (og ikkje berre dei høgaste). Men det er på dei 4 høgaste de finn de fire bokstavane som tilsaman dannar eit ord.  Det blir premiering basert på trekning. Og du må opp på dei høgaste for å telje med i statistikken for deltaking Hardhausen. I år er det 4 lokale som kvalifiserer til 10.års-premie !

Rutene er skilta og merka, men ta gjerne med kart, bruk gjerne TURKART JØSNESET.  Alle går på eige ansvar, i eige tempo og med valfritt følgje. Husk fotoapparat – for òg i år har me fotokonkurranse, med tema «VÆRSTEMNING» 

 

Naturen er heldigvis ein open, fri arena, men i møte med andre gjeld sjølvsagt helsemyndigheitene sine generelle smittevernråd. 

Følg med på facebookeventen Hardhausen 2021 og på Jøsneset si Facebookside  –  Her blir lagt ut foto som de sender inn og ev ny informasjon undervegs.   Ha ein god tur alle !

Arrangør:

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.