VM-sølv til Tania frå Jøsneset


Hurra og gratulerar  !! Tania Yu Auglend frå Tonå på Jøsneset vant i dag sølv i WorldCup i TaekWonDo !!  Tania går nå på kampsportlinje på Surndal folkehøgskule, og representerer Surnadal kampsportklubb. Ho kom til finalen mot ei dame frå Japan – så her er det internasjonal sus !

Du kan lese meir om Tania og sølvet her på Trollheimsport 

World cup blei i år avholdt på utradisjonelt vis via nett ! Alle deltakarane rundt om i verda sendte inn «rundane» sine på nett, og utvalde dommarar  dømde de.  Så her var det ingen jubel og heiarop frå tribunane !
Dette var Tania sin først konkurranse som senior, og det å hevde seg internasjonalt i vaksenklassen var ekstra gøy.  Ho fortel at det føles veldig godt, sjølv om ho sikta mot gull  !  Ho rosar sin fantastiske trenar, som har pirka og pirka – og det føles veldig gøy når all treninga i hallen gir så gode resultater.


Tania i eit split kick på trening – Fotograf: Raimon Bjørndalen

Ja, og me her på Jøsneset veit jo at ho har lagt sitt solide grunnlag her heime i gymsalen på Jøsnesetsmile….det er bra me har eit fleksibelt og opent treningsbygg, når treninga der gir så fantastiske resultat.

Me heie på Tania – og ønskjer til lykke med sølvet, og lykke til vidare i satsinga – me ser na nok snart heiiiilt øverst på WorldCup-pallen !!

 

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.