Laurdag 13. februar opnar Krambua igjen

Frå 1931 og fram til 1958 var det krambu på Skiftun, i det som no er tunet til Jostein og Berit Hjorteland. No er krambua igjen klar for å opna dørene, 62 år seinare!

Laurdag 13. februar opnar Krambua klokka 13, og er open til klokka 18. Det blir første høve til å sikra seg Buhagen sin eigen sider «Bølgeskvulp», i tillegg til eplemost på kartong og flaske. 

Etter kvart blir det faste opningstider, og fleire lokale godsaker å handla med seg.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.