Søndag 18. oktober er det igjen tid for den tradisjonsrike TV-aksjonen på NRK, og kalla verdas største dugnad. I år går pengane til aksjonen «Eit hav av moglegheiter» i regi av WWF, Verdas naturfond. På Jøsneset vil me markera dagen med bokstaveleg talt å hoppa i havet!
Det blir «Beach-party» på Skiftunstranda klokka 15 til ca 17, med bål, sal av kaffi og kaker – og sjølvsagt BADING!
Du kan støtta aksjonen ved å legga pengar på Jøsneset Bygdaråd si digitale bøsse som du finn her
. Pengane frå årets aksjon skal gå til å hindra 7000 tonn plast frå å havna i havet årleg, ved å gje menneske i Indonesia, Thailand, Vietnam og Filippinenene tilgang på renovasjonstenester. Innsamling og resirkulering av søppel, redusert bruk av eingongsplast og globalt arbeid for å nå målet om null plastutslepp i 2030 er òg del av prosjektet. Du kan lesa meir om årets aksjon her
Velkommen til stranda!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.