Politikarar kjem og politikarar går, regjeringar skifter…..men valpersonalet på Jøsneset består !
Rasin, Johanne og Olga er alle drevne i å passe på mantallslister og stemple på stemmeseddelen før den går ned i den godt brukte stemmeurna. Desse tre, og òg Elbjørg Tednes, har utført denne viktige jobben i «alle år»
Klokka 18 på valgdagen møtte me dei, og då kunne dei fortelje at ca 50 % av Jøsneset sine 101 røysteføre personar hadde vore innom for å stemme…..Då var det enda 2 timar att, så me håpar at valdeltakinga steig innan den tid.
……alle store presidentar plar jo bli avbilda når dei fører stemmeseddelen sin ned i urna. I mangel på store presidentar her på Jøsneset tek Rasin og Co gjerne imot Brahim sin seddel. Valet på Jøsneset fann i år òg stad på Bedehuset, mellom kl 14.00 og 20.00
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.