Last til Romania

 Like trufast som trekkfuglane er Romania Aid. Dei hadde innsamling ved branngarasjen på Skiftun i går, fredag 05.september. Og allereie dagen etterpå blei alt lasta inn i stor trailer og kjørt avgårde til Romania. Dei fortel om to prosjekt de satsar på i 2020: to dagsenter fordelt på to ulike byar; Bucharest og Tirgu Mures, der gatebarn og huslause kan få mat, klær, sko og vask.  Eventuelt overskot av innsamling/basar går til ID-kort til dei fattigaste.    Lasterommet i hengaren blei ikkje heilt full denne gongen, men Morten Brekke og Øyvind Viland takkar til alle som bidrog !  Då er traileren på veg sørover, slik som òg trekkfuglane.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.