Bra lokal innsats i Stavanger Marathon

Sist helg blei Stavanger Marathon arrangert, og det stilde Jøsnesbuar i alle tre distanseløpa: Marathon, Halv-marathon og 10 km.

        

 

Astrid Fossa Viga (ja, me reknar deg enda som Jøsnesbu: født og oppvaksen her, driv Mikal Laks her, men bur på Hjelmeland). Ho sprang inn til ein ny flott personleg rekord på heil-marathon (42 kmTongue Out) på den imponerande tida 3.42.10. Dermed kom ho på 7.plass i kvinneklassen totalt, og 3.plass i si gruppe K 45-49. Astrid har sprunge i nokre år, og må vel reknast som ein veteran i maratonløping; og har deltatt i fleire maratonløp òg i utlandet. Deltar òg på sykkelritt.

Jasin Hjorteland Gbada,14 år er debutant, og sprang sin første 10 km ever. Han fekk tida 37,27 og kom på 1.plass i si gruppe H14-15, heile 5,30 min før nestemann. Han kom på 13.plass totalt blandt ca 300 startande på 10 km, og blei altså slått av ei kvinne og 11 menn.

 

På distansen halv-marathon (21 km) stilde det òg ein Jøsnesbu, Svanhild Hjorteland Gbada. Samanlikna med dei andre to andre spretne, så var ho meir i «skilpadde-kategorien» å rekne, men trava likevel glad over målstreken på 2.09.40 – nokså langt nede på resultatlista blandt dei 584 startande.

Totalt var det 1070 deltakarar på arrangementet med ulike distansar.

Det var òg fleire andre lokale deltakarar både frå Hjelmeland, Fister, Nessa og Årdal, mest på halvmaraton, men òg på heil-maraton. Sjekk resultatlistene HER.  Flott vær og god stemning.

 

Veit du om Jøsnesbuar som deltar i ulike arrangement eller konkurransar….meld frå til ungdomslaget@josneset.no


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.