Fleire stadnamn på plass i terrenget

Fleire lokale stadnamnskilt er sett ut i terrenget, denne gong på strekningen Nesvik-Baslid. Les meir på Jøsnes-sida på Facebook.

Har du lyst å vere med å produsere fleire stadnamnskilt, er det berre melde frå anten til bygdaradet@josneset.no eller til Svanhild 97 00 76 36.

Bygdarådet har kjøpt inn material, fresemaskin og maling, og utstyret ligg klart i sløydsalen. Arbeidet må ev tilpassast ift koronareglar. Det er mange «ledige» namn i kartet, så det er berre kjekt om det blir laga fleire skilt.

Det er òg nokre ferdiglaga skilt som ventar på tur ut i vårsola. Dette er: Kumyrå, Løkkja, Øygjadsalsholet, Avlesset, Gjømmerdal, Gjømmerberg, Stegane. Viss du veit kor dette er, og har lyst å ta turen: ta kontakt.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.