Takk for besøket

Laurdag 18 januar var det open dag på Jøsneset: På Mikals Laks var det «stinn brakke» i det vesle lokalet med ca 50 besøkande; der folk folk fekk smake på og kjøpe både røykelaks og Buhagen-produkt: eplesaft og lammeskinn.  Og på Foss var det open gard – der var det ca 60 som var innom – og der blei det nærkontakt med både hest, sau og gris – Og nysteikte lappar smaka godt !!

Dei kvikke grisene Agurk og Potet var òg populære !!

http://youtu.be/yuEhM389Rnk 

Takk til alle som tok turen til Mikals Laks og Tverrbekken gard på Foss !!  Det var trivelig !!

Foto: Ingeborg Westersjø


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.