Heisann !! Nå har jammen NISSANE òg begynt å pendla med ferja…..og dei har fast salong på Hjelmelandsferja !! Ein nisse på kvart bord, stjerner i glasa, julepynta tre og kaffe og peparkaker til dei reisande. Nå blei det stemning !!
Me koser oss i stjerneglansen medan ferja sviv frå kai til kai !
Julepynta tre, nissar og peparkakeboksar er det som møter dagpendlarane i fejresalongen for tida. Så koselig at ein får nesten lyst å ta turen via Ombo så ein òg rekk gang rundt treet og et par-tre klementiner før jobb !!
Ryktene går om at det er ein kar frå Erøy så står bak dekorasjonane i tett samarbeid med ei Jøsnesfrue……og at dei òg har alliert seg med ferjemannskapet som stiller med nykokt kaffe på 7.15-avgangen wow !
Uansett – det pynta opp i dei elles litt golde salongane så takk frå alle reisande !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.