Skulestart torsdag 15 august

Sjølv om kommunestyret har gjort eit prinsippvedtak på at Jøsneset skule skal leggjast ned, så startar skuleåret opp att som vanleg nå torsdag 15.august.  Det er 4 elevar som startar opp i 1. klasse.

20. august får formannskapet ei konkret sak på bordet om nedlegging av Jøsneset skule; då det skal tas meir detaljert stilling forholda kring nedlegginga,  og det vil nå bli ein formell høyringsprosess jf lovverk for krinsregulering/skulenedlegging.

Pr i dag veit ein ikkje tilrådinga frå rådmannen i saka. Saka blir lagt ut på kommunen si nettside nokre dagar før møtedato.

Me ønskjer alle skuleelvar og tilsette ein fin skulehaust…..og håpar de får fortsetje her ut heile skuleåret  Smile


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.