Skarpskyting 16. mai

Det har blitt ein tradisjon på Jøsneset med skytekonkurranse 16. mai. Her kjemper ein både om ære og om den gjeve skyttarpokalen!

I tillegg til pokalstriden er det og høve til å få godkjend 15 av dei 30 obligatoriske prøveskota som er naudsynte for å ta skyteprøve til storviltjakt. Arrangementet går føre seg på «skytebanen» i buhagen til Jostein Hjorteland kl 18. Parkering ved bedehuset. Det koster kr 50,- å delta. Har du spørsmål kan du ta kontakt med Jostein Hjorteland på tlf 900 62 330.

Velkommen «gamle» og nye skyttarar!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.