Bygdarådet jobbar på for å omvandle den eine skulestova på gamleskulen til eit koseleg møtelokale; primært med bøker og brettspel som hovudattraksjonen. Marit Wyller melder at den offisielle opninga av dette rommet blir Palmesøndag – kombinert med den store Vaffeldagen, så følg med for meir oppslag om dette.
Men inntil vidare: rommet vil vere ope for dei som måtte vere interesserte onsdag 7.februar i tidsrommet 1830-1930 og onsdag 7.mars i tidsrommet 1800-2000. Desse onsdagane er det særleg kjekt å få besøk av born og/eller unge som vil spele brettspel eller kortspel saman.
Jøsneset Bygdaråd
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.