Sportsmeldinga

Dagens sportssending med involverte Jøsnesbuar:


Ingeborg og Sven Westersjø deltok i det 10 mil lange sykkelrittet «Kraftrittet» . Ingeborg gjekk inn til seier i dameklassen – ikkje så rart kanskje sidan ho var einaste dame som deltok – smart !!Wink. Tida blei 5.04; omtrent nøyaktig det same som Sven si tid – dei utgjorde til saman baktroppen. Kraftrittet markedsfører seg som » rittet for de litt tøffere». Ja, tøff løype: Sand-Lovreid-Jelsa-Foreneset-Erfjord-Vadla-Gullingen-Sand,  Puh ! Me gratulerar med vel gjennomført ritt ! Resultatlista finn du HER

Ein del Jøsnesgutar òg som har vore i sving i dag, i eit litt mindre og meir lokalt arrangment: Volleyball-turnering på SpaHotellet.
Det stilde 4 lag til kamp og det var Jøsnesgutar på 2 av laga, og  begge laga kom til finalen. Det var laget » The Lost Boys» som gjekk av med seieren; frå venstre Brandon Oddbjørn Foss, Marius Loktu, Endre Lomeland, Jonas Gbada og Anis Kassimi.
Kjekk premie: Gratis lagopphald i Spa-badetSmile

Veldig kjekt å få tips om lokale sportsbegivenheter – send gjerne inn fleire tips, så får me snart eiga sportsspalte

Elles nærme det seg Hjelmelandsmeisterskap i fotball ….blir «Lårhalsdamene» frå 17-mai å sjå der, mon?
Kanskje litt tøff motstand? Me tipper iallefall ein del av dei unge karane stiller; for det er fleire ivrige fotballspelarar på Jøsneset.
Idrettslaget oppmodar bygdelag, bedrifter, lag/organisasjonar om å stille, sjå meir HER.

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.