Aftenbladet refsar nedleggingsvedtak

Distriktskommunen Hjelmeland får passet sitt påskrive på ledarplass i Stavanger Aftenblad i dag 21.juni 2013.  I ledaren står det følgjande:

«KORTTENKT NEDLEGGING AV SKULE
Distriktspolitikk var lenge eit heidersord som politikarane gjerne trekte fram og heldt høgt. Nå er det mest gløymt – ikkje berre i staten, men desverre også i kommunane. Folk flytter frå bygd til by for å skaffa seg utdanning og arbeid, det er visst nærast ei naturlov. Det var denne distriktspolitikken skulle prøva å motverka ved å leggja høva til rette for å oppretthalda ei spreidd busetjing – i motsetnad til Sverige, der bygdene for ein stor del er nedlagde. Men nå har det lenge gått den gale vegen. Det eine samlingspunktet etter det andre forsvinn frå bygdene – butikk, postkontor, bank, og til slutt skule og barnehage. Det siste eksempelet er vedtaket om å leggja ned Jøsneset skule i Hjelmeland. Kommunen har levd over evne og må spara pengar, men med dette vedtaket er det lite å tena, fordi elevane må skyssast til skule i buss og båt. Og bygda Jøsneset vert mykje fattigare. Dette er ei korttenkt løysing på eit problem som krev heilt andre tiltak»

I faktadelen står det : » Hjelmeland kommune har brukt for mykje pengar og må kutta driftsutgiftene med 25-30 mill.»

I Aftenbladets del 2 s 8-9 står det òg om nedlegging av små skular. Både om Vigre skule i Hå og om Jøsneset skule i Hjelmeland.
I artikkelen er rektor Rasin Tjeltveit intervjua, og han uttalar mellom anna: »  Når man ser hvor lite det er å spare på nedleggelse av Jøsneset og setter dette opp mot verdien skolen har for bygda, så mener vi dette er feil beslutning»

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.