Susanna utkonkurrerte nissen !


Stemningen kunne ikkje vore bedre om det var sjølvaste julenissen som kom !! Ja, for ofte pleier jo Nissen dukke opp på juletrenninga i bygda. Men denne gongen var det banksjef Susanna Poulsen som dukka opp – og stemingen blei vel så høg, for ho hadde med seg ein stor sjekk på kr 28 500,- frå Hjelmeland Sparebank sitt gåvefond. Jøsneset Bygdaråd hadde sendt inn søknad om å få dekke utgiftene til eit stativ som skal stå oppe ved Fosstemmen – Stativet skal lagast av Avanti og skal vere kombinert vedlager og stativ for kanoane Kalven og Kviga – som ligg ved Fosstemmen til fri benyttelse for allmennheten. Unni Fossaa i Bygdarådet tok begeistra mot sjekken, medan gjengen i Trivselstova jubla !



Bygdarådet arrangererte altså fakkeltog, juletretenning og gløgg/graut-kafè i Trivselstova denne lørdagen – Nå er juletreet på plass ved branngarasjane, og «det er sunge inn» med heile to julasangar med fleire vers

wink

Inne i Trivselstova var det adventstemning, og gløggen var kokt og grauten klar.  Det blei jo sjølvsagt spenning om mandla i grauten – og den var det Annbjørg som vant !! Premien var ein Twistpose, og ho delte raust frå seg rundt heile bordet, og her tll Susanna, Hedda og Svanhild

Ja, for å få oss litt ekstra i julestemning tar me med eit bilde av gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen – som nå altså har fått pengar til vedbod og kanostativ. Så blir det enda bedre å besøke staden. Unni Fossaa i Bygdarådet nytta samtidig anledningen til å takke grunneigarane Johan og Svanhild Hjorteland som velvillig har gjort det mogleg å bygge gapahuken akkurat her. Gapahuken er til stor glede for store og små turgåerar i Fossmarka til alle årstider, og er eit flott eksempel på godt samarbeid mellom frivillige, grunneigarar og næringslivet !  Tommel opp !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.