TAKK for alle bidrag til TV-aksjonen

Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr  – og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus til hus denne vakre haustdagen. Cesilie i Helselaget gjekk rundt med bøssene òg i ferjekaien på Nesvik – medan Jøsneset Bygdaråd laga til eplekake-kafè i Trivselstova.  Over 30 stk var innom kafèn – der betalinga for kaker og kaffe var frivillig og gjekk RETT i Unicef-bøssa. Me tippar at kakestykkene låg høgt i pris denne dagen. Så takk til kafègjestene! Og ikkje minst – Takk til danseteamet Nila og Anbjørg – som heilt impulsivt og heilt på eigen hand ba om å få vise fram ein danseoppvisning for alle kafègjestene – Så ut i haustsola bar det – og jentene dansa til musikk frå bilstereoen – og viste fram kva dei har lært av festleg dans på kulturskulen. TAKK – gode jenter – for eit flott SMASHING flott bidrag på  Unicef-dagen 😉 . TOTALT kom det inn 134 712 i Hjelmeland kommune – Meir om innsamlinga i Hjelmeland.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.