Jøsnesbygda var representert med 4 løparar i Oslo Marathon denne helga. Jo, alle er Jøsnesbuar, for alle bur, arbeidar og/eller er oppvaksne på Jøsneset. Til å vere så lita bygd med så få innbyggjerar, så må prosentandelen vere ganske høg. Astrid til høgre er «veteranen» med sine over 20 maratonløp – og blei raskast i mål med tida 3.42. Ho og Einar låg side ved side i heile løpet – utan at dei sjølv visste det eller såg kvarandre undervegs (tett med løparar heile vegen). Einar starta hardt og hadde leiiinga ei stund – men «veteranen» Astrid hadde mest på slutten, og kom i mål nokre minutt før Einar. Silje og Svanhild er «slowrunners» i forhold og kom begge inn på litt over 4.30.
I mål dukka det opp ein annan kar frå Hjelmeland: den spreke kommunelegen John Nessa, han er òg etterkvart ein erfaren maratonløpar – og denne gongen var han sågar med som ledsagar for den blinde Tau-løparen Eline Øidvin frå Tau. I tillegg til Nessa var òg Roger Sellevoll frå Fister deltakar på maraton – altså 6 stk frå Hjelmeland (så vidt me veit), derav 4 frå Jøsneset.
Treningsgrunnlaget for dei to «slowrunners» blir lagt i motbakkane opp frå Fosstemmen – og der blir til stunder så mykje pesing at kleiva opp mot Krogastemmen har fått eit nytt stadnamn: Pesekleivå !!
Oslo Maraton er altså ei stort løpsarrangement som blir avhalden kvart år i september og over 20 000 løparar i ulike distansar set sitt preg på heile byen heile dagen – og det er ein stor folkefest. Ryfylke viste igjen på fleire måtar – men best av alle var dama frå Sand i Ryfylke Aud Elisabeth Stuhr som vant Trippelen – dvs Maraton 42 km + Halvmaraton 21 km + 10 km = 73 km!
Ryfylke er best ! Aud Elisabeth på Sand er sterkast av dei sterke – og vant Trippelen 73 km på 5 t 50 min !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.