Info om treningslokala på Grendahuset

Det pågår bygningsarbeid på Grendahuset, mellom anna for å lage ny universell inngang til bygget via gamle garderobane. Det betyr at inngang der nå er midlertidig stengd. Det kan òg bety at gymsalen er «okkupert» av bygningsutstyr og materialer, og det kan bli støvete innimellom. Alle som brukar lokala må ta omsyn til dette ! Hugs at barn uansett ikkje skal vere i lokala aleine.

Men: du kan trene for på treningsrommet for det. Inngang er nå midlertidig via hovuddøra. Kode har du dersom du er medlem, eller kode får du om du blir medlem.

Oppussinga som pågår blir til gode for alle brukarar av bygget.

Støtt gjerne det pågåande arbeidet med nettopp å bli medlem på treningssenteret vårt.

Les meir her:

INFO FOR TRENINGSROMMET


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.