«Man blir begeistret»

«Man blir begeistret» er TURANBEFALINGER v/ Arnt Ove Skogly sin kommentar om turen til Herefjellet/NordaHøgaste og Valafjellet. TURANBEFALINGER er ein nettside for turinteresserte, og Skogly er ein ivrig vandrar som legg ut flotte turanbefalingar frå heile Rogaland. Han har vore på Jøsneset tidlegare, og hadde òg ein tur nå i slutten av juli – då altså BÅDE til Herefjellet og Valafjellet – ein relativt tøff kombinasjon – les her Skogly TURANBEFALING – HEREFJELLET OG VALAFJELLET

Det er flott at TURANBEFALINGER marknadfører Jøsnesheia så positivt – ja, det er jo ei flott hei å gå i ettersom den ligg ute på ei halvøy med flott utsikt mot fjordlandskapet i fleire retningar. Her er tidlegare anbefalingar Skogly har gjort frå Jøsneset:

RØSSENIBBEN

HEREFJELLET – NORDA HØGASTE

GUNLANUTEN via FOSSTEMMEN

 

Kva anna kan me seie : gjer som Skogly – TA TUREN !!

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.