
Bli med på den årlege strandryddeaksjonen, som organiserast via kommunen. Her kan du kombinere ein nydeleg tur langs/i strendene våre, og samstundes gjere god nytte for deg. D
Ryddeaksjonen pågår fram til 22. april – så dette kan vere fin påskeaktivitet. Plukk med deg «rape», søppel, plast, tau, papir, isopor o.l. som ikkje høyrer heime i ei naturleg strand.
Meld frå til Svanhild 970 07 636 om kva strand du har tenkt å rydde i (eller alt har rydda i) + meld frå kor mange timar du var ute å rydda og evt kor mange som deltok saman med deg. Send gjerne med eit foto frå stranda, så kan me formidle kor det alt er rydda.
Me sender inn ein rapport når aksjonen er over, og får litt betalt pr dugnadstime.
Avfall som du finn kan du sette i sekker ved kjellarinngangen på Grendahuset. Der kan du òg finne hanskar og avfallssekker.
Dersom du finn store ting som du ikkje får med deg, så gi Svanhild beskjed. Då vil me vidareformidle til Ryfylke Friluftsråd, som kjem og hentar det med båt.
Me håpar alle blir med på denne aksjonen – Det er flott om me saman kan bidra til å halde den vakre kystlinja vår ryddig og fin ! God tur ut.
JØSNESET BYGDARÅD v/ Svanhild – 970 07 636


Avfallsekkar og hanskar finn du utanfor kjellardøra på Grendahuset !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.