Puhh – det var denne gjengen som fekk bli med på å fullføre beisinga av gymbygget, pluss Sondre som gjekk før bildet blei tatt. Med Unni i Bygdarådet som koordinator har det blitt utført 5 dugnadskveldar, 21 ulike personar har vore med – inkludert skifting av kledning framme i brystet på bygget. Eit godt stykke verdifullt arbeid er utført. Bygget skreik etter behandling – og sugde begjærleg til seg kvart eir penselstrøk – og fleire stader måtte det tas 2 strøk. Ja, så det gjekk på beisen – ca 90 liter beis gjekk med. Men så er òg flatane store og veggane lange 😉 Well done, alle som har bidratt – inkludert god servering frå Ellen Mari sitt vaffel-og lappekjøkken !!
Ferie på Jøsneset er ikkje for pingler ! Ove Landa er hytteferierande på Nesvik – men stilde på maledugnad – og spratt til topps som ingenting. Rasin Tjeltveit, som har vore rektor på Jøsneset skule i mange, mange år – nå pensjonist – bidrog òg til at bygget fekk si etterlengta behandling. Dette bygget er jo Jøsnesbygda si storstove og grendehus – og det er veldig kjekt at bygget nå framstår som vakrare enn før
Det var stor spenning til om den beisen holdt til siste hjørne av siste vegg på baksida- og ja, det holdt akkurat i kveld !! Fekk faktisk tatt ein lite strøk på leikehytta !
Det er Hjelmeland kommune som har betalt beisen – men alt arbeid utført av frivillige.
Skuleområdet er ein kjekk møteplass – og jentene hylte av fryd i den store reila medan siste strøket på bygget blei malt !
Bygget er ferdig beisa – men det er framleis mur, bord/benker,scene og leikeapparat som treng ein liten opp-shining, Bygdarådet kan kjøpe inn beis – har du lyst å bli med er det bare å ta kontakt !
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.