BLI MED PÅ MERKETUR I FOSSMARKA TORSD 25. MAI

Kristi Himmelfartsdag – Torsd 25 mai – kl 11 frå Foss: Bli med på tur på gamlestien innover Fossmarka!  Dette er altså gamlestien mellom Foss og Gunlanuten, som nå er litt «utkonkurrert» av skogsvegen.  Men gamlestien er koseleg og fin og gå, og eit flott alternativ, der me td kjem tett inn på  med den fine handlødde steindemningen ved Krogastemmen.   Me tar med rødmaling og friskar opp stimerkinga mellom Foss/Orva og Skiftunstølen, sjå kartutsnitt under  

+ me heng opp nokre stadnamnskilt, og tar turen nedom Bonehidler og oppom Fjelldalsnibbå 518 moh.  Fjelldalsnibba var ein av turpostane til Helselaget på 90-talet, og kan gjerne bli tatt » opp av glemselsen» for her er flott utsikt utover heile den frodige Fossmarka! Kanskje me kan ta felles matøkt der !! Du kan gjerne bli med kun for turen sin del – eller kan òg ta med sag el stor saks, så kan me rydde litt brakje med det same….eller bli med å bære skilta. Stien går i nokre våte parti: det kunne vore fint å lagt litt utanom dette nokre stader; så då må det merkast litt ekstra i såfall. Greitt å få tips frå ev turdeltakarar om det. Husk mat og drikke. Finfin tur i sakte tempo  Når me kjem til Skiftustølvatnet kan folk gjere som de vil; gå vidare til Gunlanut (og dermed ta heile strekket) eller gå ned der ein vil. 


Merkinga skjer i regi av Jøsneset Helselag v/ Svanhild 97 00 76 36 

PS: Det er fleire skilt som er klar for opphenging i terrenget – td Gunlanuten og Valafjellet, og ein del skilt på Herefjellet, så om det er nokon som skal oppover dit og har lyst å ta med skilta, så gi beskjed.
PPS: Elles meiner me at merkinga langs Hardhausen-løypa skal vere rimeleg god. Men meld gjerne ifrå om det er manglar eller dårleg merking nokon stader, slik at dette kan korrigerast. Td kunne det kanskje vore  litt oppfrisking til Røssenibben, så gi beskjed viss nokon skal oppover dit med det første.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.