Lyst å bli med på eit snekkeroppdrag ?

På gymbygget er det ein lekkasje i taket, og det skal skiftast ein del utvendig kledning.  JØSNESET BYGDARÅD har fått materialer frå kommunen, men sjølve arbeidet må utførast på dugnad, sidan bygda nå skal drifte bygget sjøl.  Bygdarådet ønskjer kontakt med nevenyttige, frivillige som har lyst å bli med på denne jobben ! Ein satsar på at arbeidet skal utførast  etter 17.mai ein gong. Meir info følgjer. Men dersom du har lyst og høve å bli med, kan du allereie nå melde ifrå bygdaradet@josneset.no ved Unni Fossaa eller Rasin Tjeltveit.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.