Endring i pakke-levering

Jøsneset Bygdaråd har sendt følgjande uttale til Posten Bring AS på dette.



«Me viser til utsendt informasjonsbrev ang levering av brevpost, aviser og pakkar til 4146 SKIFTUN – mottatt 29.08 2024

I informasjonsbrevet dykkar går det fram at frå 24.september 24 vil vårt hentekontor for pakkar endrast til Erfjord Post i butikk – Joker Erfjord – Hålandsosen.

For oss som bur og driv næring i bygda Jøsneset med postadresse 4146 Skiftun vil dette bety ei stor ulempe i forhold til det tilbodet me har i dag.  

Me her på Jøsneset høyrer til Hjelmeland kommune. Dei fleste av oss har vårt daglege virke i/i retning av Hjelmeland.  Her er òg våre kultur-og tenestetilbod som butikkar, bank, bensinstasjon, offentlege kontor, skule, barnehage, møte-og kulturhus.  På 4130 Hjelmeland har me òg pr i dag vår hentestad for pakkepost på XLbutikken på Sande ferjekai – som ligg 10 min ferjetur unna bygda vår.

Avstand frå bygda vår Jøsneset inn til ny hentestad Joker Erfjord i Suldal kommune er ca 23 km – ca 20 min kjøring – i feil  retning i forhold til vårt daglege tenestetilbod.  Det vil medføre ca 5 mils kjøring og over ein time tidsbruk for å hente ein pakke.  Dette er lite miljøvennleg, tid-og ressurssløsande og svært lite distriktsvennleg.


Me har tidlegare òg bede om pakkeboks på ferjekaien på Nesvik – utan å bli imøtekomne.  Me bur på ein plass som har mista svært mange tenestetilbod dei siste tiåra. Postlevering er ein viktig del av vår infrastruktur, og me ber innstendig om at pakkeposttilbodet blir oppretthalde på Hjelmeland som i dag.  Alternativet er at me går over til andre leverandørar som leverer på Hjelmeland.

MVH
JØSNESET BYGDARÅD



—————-
Dersom andre opplever at dette er ei svekking av tilbodet frå PostenBring AS, oppmodar Bygdarådet om å sende eigen uttale/klage til kundeservice@posten.no




Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.