Framtidig bruk av skulebygga ?

Bygdarådet skal snart i forhandlingar med kommunen vedrørande bruk/overtaking av skulebygningane som grendahus m.m. – og ønskjer synspunkt og innspel frå bygdefolket til dette

På årsmøtet i Bygdarådet blei det noko diskusjon både om overtakinga og om framtidig bruk. Det verka som om alle helst ville at bygda skal overta heile bygningsmassen, og ikkje berre gym.bygget. Ordføraren har lova at dei inntektene vi kan skaffa oss ved bruk/utleige av bygningane, skal tilfalle bygda.

Så kjem det store spørsmålet, og det er då korleis alt dette kan brukast. Det er f. eks. snakka litt om å prøve og leige ut klasseromma som kontor, og kanskje det kan vere mulig å leige ut barnehagelokala som leilighet. Det er sikkert og andre muligheter, og det er bl.a. det vi ønskjer tilbakemelding på frå bygdafolket.

Bygdarådet skal ha møte 13. mars, som allereie er førstkommande måndag, og vi håpar på å få litt respons før det.

Her du derfor synspunkt/innspel, som vi bør ta med oss i forhandlingane med kommunen, er vi svært interessert i å høyre det.  Vidare er vi interessert i om du har forslag til framtidig bruk av lokala.

 Elles veit vi at det må eit omfattande oppussingsarbeid til, noko som i stor grad må gjerast som dugnad. På årsmøtet kom det fram at det er 3 personar som allereie har sagt seg interessert i å vere med i ei gruppe som skal planleggje og organisere dette.  Det er mulig andre i bygda og er interessert i å vere med i denne gruppa. Gjeld det deg, kan du ta kontakt med Unni Fosså  , ufossaa@hotmail.com eller tlf 403 94 743


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.