Superspreke Jøsnesdamer !

Pensjonist-damene på Jøsneset «er kje for katten»!  Uansett vær – de avlyser ikkje den faste onsdagsturen……heller ikkje idag – på sjølve kvinnedagen: Jøsnesdamene lot seg ikkje stoppa av litt sur vind og snøbyger – dei tok turen like fast som alltid. KVAR ONSDAG Kl 12.30 !  I dag gjekk turen til Hårsteinen heilt nord i hyttefeltet i Knutsvik – til den flotte markante store steinen som ligg heilt i sjøkanten.  Men turmåla varierer og de er ivrige på turpostane; som td Nesdalsfjellet, Håvehammar og Brynå – og kanskje andre stader. Neste turmål blir bestemt etter kvar tur. Godt lag – god prat ! Termos og nistepakke og gode klær og stavar – De har hyggelige timar i lag. Denne dagen var det Eldbjørg, Gjerd, Johanne, Aud  og Elbjørg Bjørnsen som tok turen – ofte er òg Tordis, Oddny og Eli med.  Damene melder at her er òg fleire velkomne !!  – både yngre og eldre !  Tempoet tilpassast etter dei som er med !  Dette er eit supert folkehelsetiltak: fysisk aktivitet i sosial setting – les berre HER. I tillegg så minner me om den faste gågruppa kvar tysdagskveld kl 18.30 frå Branngarasjen i regi av JØSNESET HELSELAG ! Der er det òg Damene som stiller (men då eitt hakk yngre) – Men heyy?? Kor er alle mennene ? Me treng foto av herretrimmerane òg !

Bravo Damer !


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.