Ny nettside for Jøsneset

Og der gjekk startskotet for den nye nettsida vår !

Morten Hetland i Hetland media har jobba bra denne sommaren på oppdrag av Jøsneset bygdaråd. Nettsida josneset.no er nå flytta på ein ny plattform og fått ein ny frisk utsjånad med responsivt design. Dette betyr at nettsida nå vil fungere mykje betre på mobil og nettbrett.

Silje er så hipp og happy. (Foto: Solveig Bog)

Den trauste redaksjonen ved Silje Sværen, Solveig Bog og Svanhild Hjorteland Gbada ser nå fram til enklare og meir brukarvennlege tider.

For at nettsida vår skal vere ein levande og aktuell stad, er me avhengig av tips, foto og engasjement. Send oss ein epost: nettside@josneset.no

Me takkar Morten for eit fantastisk arbeid !

Siste hand på verket (Foto: Svanhild Hjorteland Gbada)

Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.