Kart med lokale stadnamn frå Jøsneset

Nedanfor finn de arbeidskarta som hittil er klar med innsamla stadnamn.  Karta blir lagt ut for at folk kan sjå gjennom det og eventuelt supplere med fleire namn.

De kan zoome inn på karta slik at de ser namna tydelgare, og de kan printast ut for ev korrigeringar.

Me er ikkje ferdige med alle kart; td Åsland er det litt meir å legge ut. Det vil òg bli lagt ut fleire kart her på nettsida etterkvart td frå heia og frå Bastlid, Eiane, så følg med.

Dersom de ønskjer kartutsnitt frå andre område enn her, ta kontakt med Svanhild 97007636 eller Ingeborg 928 50 297.

Me har lagt namna inn slik me har fått de inn, og der de var plassert av innsendaren. Det kan vere ulike tolkingar av både skrivemåte og plassering.  Me tek gjerne imot fleire namn og korrigeringar. Me tek sikte på eit nytt treff seinare i vår.

Fotoet ovanfor er tatt frå Farshammaren ovanfor Foss. Det er berre eit døme, og det kan hende det manglar nokre namn – men viser at det er ei rik kjelde med namn der ute i landskapet !
Fotoet under er tatt i motsatt retning, dvs òg over Foss mot Farshammaren – eller er det Fareshammaren?  Frå «å fara» ?   Dette foto har me fått frå Jan Birger Foss.

Dette er noko alle kan gjere – skrive inn namn på dykkar gard/landskap/grend – slik at det blir bevart for framtida.

Send gjerne nye namn inn til oss. Kan sendast inn til Svanhild på epostadressa shg@hjelmeland.kommune.no

Ein annan fin måte å bevare og hugse namna på, er å lage skilt og setje ut i landskapet : slik som her ved Stile – på veg opp frå Liå  til Stien mot Fosstemmen.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.