Kalvagaren ventar på deg

Info om turen til Fosstemmen mand 13 feb : Månen kjem seint, sikkert ikkje før halv 9 -9 , så den som vil få med seg den, må vere tolmodig og godt kledt. MEN: me held fast på oppmøtetidspunkt: det er meldt klarvær og fint – så me får iallefall den fine skumringstimen på veg opp og den vide stjernehimmelen på veg ned. Det er ikkje snø og ikkje glatt og heller ikkje is til å skeise på. Me kokar suppe og kaffe og kosar oss rundt bålet med Rasin sine lokale historier – Ha gode/varme klær og sitjeunderlag…..og lykt – men husk: den som bruker lykt ser ikkje stjernene.    Velkommen !! PS: Månemannen skal me nok lura neste gong 😉

Turen startar kl 17.00 frå Foss. Ja, kanskje litt tidleg, men det er fordi turen òg skal kunne passe for barn (ja, i følgje med vaksne).  Varm suppe frå bålet blir servert –  tippe den er klar sånn ca 1/2 7 -7-  medan RASIN TJELTVEIT fortel lokalhistorier ! 
Meir info om turen på PLAKATEN.  
Meir info om alle turar: Hjelmeland Turlag Turprogram 2017.  
Alle turar blir annonsert på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside 
og på nettsidene til Stavanger Turistforening

Velkommen til alle !!

HJELMELAND TURLAG 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.