Oppfriska rute – Åsland til Norda Høgaste

Tursti-nettet på Jøsneset er under stadig forbetring – De huskar kanskje den flotte artikkelen på nettsida TURANBEFALINGER om Herefjellet !! Flott reklame for Jøsnesheia.  Det var ei fantastisk skildring av turen Åsland – Norda Høgaste t/r. Men det blei kommentert at det var eit par stader merkinga var litt uklar. Vel – nå er dette retta opp. Jostein, Berit og Lene Hjorteland tok søndagsturen hit sist søndag – og nå er ruta på vestsida av Asheimstemmen  og vidare oppover mot Norda Høgaste friska opp og er lett å finne.

Denne ruta går altså på vestsida av Asheimstemmen – og vidare oppover på vestsida av høgdedraget.


Etterkvart som høgdemetrane stig – blir utsikta meir og meir vakker – frå denne vestlege ruta er det flott utsikt utover Ombofjorden og øyriket, og vestover mot Nedstrand.

Og når ein er oppe blir ein premiert med denne vakre utsikten rett ned i Erfjord og Bogsundet !

Og nå er ein liksom ikkje i tvil om at ein er på rett plass – for nå er òg stadnamnskiltet kome på plass ved turpostkassen på Norda Høgaste

Kva anna kan me seie : TA TUREN !!!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.