Kappestrid og møje løye på Skiftukaien

http://www.youtube.com/watch?v=2YXHklskQvU&feature=youtu !.be

20 august arrangerte Jøsneset Ungdomslag 5-kamp og JM i Plommesteinspytting på Skiftun Kai.  Det var grilling av hamburgerar, kaffe og kaker å få kjøpe – og kanoar og padle i for dei som ikkje deltok i konkurransane. Ca 50 stk tok turen på kaien denne lørdagen – og var 5 stk som deltok i klasse «Stut» – 4 stk som deltok i klasse «Kvige» og 1 stk som deltok i klasse «Kalv» – Og vinnarane blei kåra etter 5 ulike øvingar. JM i Plommesteinspytting var det fleire som prøvde seg på – men Atle Mikalsen vant suverent nesten 2 m lengre enn nestemann. Takk til alle som deltok som publikum og deltakar  – Været slo om til regn utpå dagen – og då forsvant mesteparten av publikum – men utøvarane holdt ut.

Arr: Jøsneset Ungdomslag


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.