Søndag 14 august hadde Hjelmeland Turlag fellestur t/r Bastlid – Røssenibben 718 moh, med avstikkar via Giskelia og Øygjadalen ned igjen til Bastlid. 21 stk deltok – her er den spreke gjengen.
Mange bilder og meir stoff om turen finn de på Hjelmeland Turlag si opne facebookside. Fleire frå Jøsneset bidrog med sin innsats på turen: Rasin Tjeltveit var kjentmann og leia flokken stødig på rett veg, Arthur Westersjø tok imot i Giskelia med lokalhistorier frå krigens dagar, og Ingeborg og Sven Westersjø med jentene serverte rykande varm kaffe i Giskelia – og Svanhild H Gbada var turleiar for Turlaget 🙂 Takk til alle som deltok på turen !
Veldig kjekt at 5 spreke barn deltok på turen. Her er Hedda 6 og Brage 9 – dei to deltok på heile turen heilt frå Bastlid opp og ned. I tilegg var det 3 barn som deltok frå Giskelia opp og ned. Sprekingar alle saman!
Hjelmeland Turlag
v/Svanhild Hjorteland Gbada
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.