Oppdatert turstikart Jøsneset

Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på – ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren – «Turstikart for Jøsneset – Ta turen – Jøsneset ventar på deg».

Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men teksten er oppdatert, litt fleire stadnamn på kartet og litt endring i turmål.  Den nye foldaren blir delt ut i postkassane til alle på Jøsneset –  inkl dei som har hyttepostkassar – og er òg nå i oppdatert utgåve her på nettsida.

Foldaren er oppdatert i regi av Jøsneset Bygdaråd med midlar frå Sparebankstiftelsen

Turstifoldaren kan fås kjøpt for kr 10 på Nauste på Nesvik, og er òg lagt ut i diverse turpostkassar; som td Håvehammar og her på Tausanibbå – obs: la de ligge i turpostkassen til nestemann.

Når du går turar på Jøsneset så vil du sjå at det er kome opp ein del nye stadnamnskilt – og fleire vil kome til etterkvart. Dette er del av stadnamnprosjektet – der det er samla inn og kartfesta lokale stadnamn + produsert skilt.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.