RyfylkeQuissen – Team Hjelmeland på 4.plass

 Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok – med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen – og der dei fekk ein fin 4.plass.
Det blei heimeseier til TeamSuldal – her er alle laga saman med dei 6 ordførarane 😉 . Gratulerar


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.