Gratulerer med dagen !

Foto: Helga Havnerås

Årets 17.mai-feiring blei tradisjonell – nær og kjær. Toget blei relativt «snedde» i år med færre barn og relativt få tilreisande – men det er jo kje plent kvantiteten som gjeld – men kvaliteten – og i front kjørte Vebjørn med sine blåe Ford – tett fulgt av flaggbærarane, komiteen, kommunelegen og bygdefolket – «No livnar det i lundar» ljoma atter ein gong utover Skiftudalen som seg hør og bør på nasjonaldagen

 

Ja, du lurte kanskje på kvifor kommunelegen var å sjå i toget?…ingen akutt utkalling, men derimot ein vel planlagd 17-mai-talar:


John N Nessa var nemlig årets 17-mai-talar på Jøsneset – og han «leverte varene» – i talen var han innom historiske tilbakeblikk for vår tids feiring, globale samanlikningar av nasjonsfeiringar, lokale tradsisjonar og ikkje minst var han innom helsesperspektivet – han minna oss på verdien av å bruke og utfordre kroppen reint fysisk, men mest av alt minna han oss på at GODE SOSIALE RELASJONAR til våre medmenneske – til familie, venner og medbygdingar – DET er faktisk det viktigaste for trivsel og god folkehelse ! Ei god påminning !


Sidan gjekk det slag i slag – ikkje minst på spiker-stabben – Her blei det slått slag på slag – og den yngre garde imponerer stadig  – ein treng ikkje vere veteran-tømmermann for å vere meister i spikring – det kunne både Stian og Runar og Elise slå fast (bokstaveleg talt). Dei viste at spikern kan gå til bånns kun med eitt slag og to slag – om ein berre treff !! Her er Elise og Runar i finalen – fordi dei stod likt. Elise gjekk til slutt av med seieren i barneklassen.

Mange andre kjekke leiker og konkurransar: klossebygging, flaskebowling, luftgevær, pilkast, Quiss både ute og inne og ikkje minst årets nykommar: Lykkehjul – der mange håva inn ein fin liten premie på å snurre Jøsnes-hjulet.

Til slutt blei det sekkeløp og her er jentene i fullt firsprang !!

Takk for lokal, koseleg feiring.


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.