Klar for HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR


Dugnadsåndå har ridd Jøsnesbuen dei siste vekene – både i låglandet og her i høglandet : Nå er gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen klar for innrykk av hordar av turglade heiavandrarar – nå òg med eiga badestrand !! Dette er basen for arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUREN.  Her blir sekretariatet å finne frå start kl 9.00 og heile dagen 15.MAI.

Fosstemmen er eit populært turmål i seg sjølv – og om du ikkje har lyst å gå på toppane på dette arrangementet – då kan du jo ta turen til Fosstemmen. Her er det fyr på bålet heile dagen, kaffe på kjelen, kano til å padle i  og naturskjønne omgjevnader. For eit par veker sidan var ein gjeng på 17 stk på dugnad ved Fosstemmen:


Ved blei kjørt opp og lødd på plass inne og utanfor gapahuken.

Flinke folk  – og flott tilbud for alle glade turgåarar – med bålgrue, benker under tak og ved til bålet på plass ! Det blei òg rydda vegetasjon langs demningen så det blir opnare og finare.  Og ikkje minst – det blei laga badestrand:


Finfin sand frå Årdal er kjørt opp og blir her fordelt ut på land og i vatnet. Nå blir det jippi-kjekt å bade her for store og for små. God sandbotn ! Prosjektet er i regi Jøsneset Bygdaråd som mottok midlar til sanden frå Marine Harvest Fondet.


Ei vekes tid seinare – etter at varmen hadde satt inn – var det ein ny/liten dugnadsgjeng i sving ved Fosstemmen. Nå var det meir einer og kratt som blei rydda vekk – i området mellom vatnet og turposten….


….og slik ser det ut der nå  – Fosstemmen er altså «nypussa» og klar og kaller på DEG !! Ta turen !!

1.pinsedag – 15.mai er det nye dugnadsfolk som er klare i området – då sit folk frå Jøsneset Helselag klar i sekretariatet ved «Kalvagaren» og registrerer «Hardhausar» inn og ut – Jøsneset Ungdomslag er òg klar for arrangementet med m.a. nøttestasjon ein eller anna stad i nærleiken av ein topp !

VELKOMMEN  !!! Info om Hardhausen og 3-nutsturen finn du HER.

 

 

 

 

 


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.