Jippi – Kasper kom heim !!

Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ….eller Kasper sjølv?   Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen laughing– etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg – så matmor Anne frykta for at han hadde satt seg fast ein eller annan stad – ein situasjon som kunne blitt skjebnesvanger.  Hennar teori er framleis at det var det som var skjedd; men Kasper må han ha klart å lirke seg ut av bandet heilt på eigen hand, for han dukka opp utan bandet.  Dei siste dagane har fleire hørt hundebjeff i skogen på Foss – og her har det vore leita av fleire i alle krinkelkrokar. Men terrenget er kronglete og skogen tett – og bjeffa kom så sjeldan at det var vanskeleg å orientere seg kor det kom frå. Men – Kasper fiksa sakene sjølv til slutt – for plutselig stod han på døra heime på Tonå ørtidleg fredag morgon !!  Ein lykkeleg slutt altså !!


Oppdater deg på Jøsneset

Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.