Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho på partiet mellom Valafjellet og Røssenibben, med utsikt rett ned i Bastlid og over mot Randøy.
Og her har me «Hardhausen 2013», Espen Meling frå Stavanger. Han gjekk 6 min raskare enn oppsett idealtid på 5 t 50min, og var dermed nærast. Espen har hytte på Nesvik, men har kun vore på Gunlanuten før ein gong, for sikkert 30 år sidan. Også han var førstegongsdeltakar på dette arrangementet, og hadde aldri før vore på dei andre tre toppane ein må oppom for å bli Hardhaus. Her er han avbilda på posten på Norda Høgaste på Herefjellet. Espen har tydeleg ikkje tatt skrekken av denne naturopplevinga, for han fortel at han håpar å delta òg til neste år.
Me gratulerar begge med seieren og ønskjer begge velkomne igjen !!
Oppdater deg på Jøsneset
Bli abonnent, og få oppdateringar frå Jøsneset tilsendt på e-post.